Bok
Trivielt eksistensielt
Det tafatte som er uttrykt på tekstoverflata, vert avkrefta av språkleg energi og idérikdom.
Kjersti Wøien Håland har skrive i fleire sjangrar sidan debuten med ei diktsamling i 2013.
Foto: Heidi Furre
Prosaens inntog i lyrikken er etter kvart nokså gamalt nytt. Men prosaen har utvida poesifeltet og befrukta det med både forteljande strategiar og ein sterkare munnleg stiltendens.
Kjersti Wøien Hålands femte diktbok, Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast, føyer seg formelt sett inn i dette mønsteret. Dikta dyrkar både livsforteljinga og daglegtalens uttrykksmodusar.
Ironisk skjer
Subjektet i Hålands dikt høyrer til ein ung vaksen på 33 år som fomlar seg fram i grenselandet mellom barn og ansvarleg vaksenindivid. Det freistar å gjere opp status, finne ein gyldig balanse, for så å kunne peike ut ein framtidskurs: «Eg står i bakken/ med mold til livet/ vaksen/ veit ikkje heilt/ om eg søkk eller gror.»
Tittelen på diktboka reflekterer, i tillegg til vonløysa og den unike karakteren til alle tinga, to nivå som arbeider med og mot kvarandre i dikta: eit trivielt sjikt som vert lada med ein eksistensiell klangbotn, og vice versa. Etter mitt skjønn bidreg denne pendlinga til å skape ein underfundig humor og eit ironisk skjer over diktprosjektet.
Tvitydig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.