Tragisk drikkevise
Enkelt, rått og effektivt om å vere avhengig av alkohol.
Martin Svedman er siviløkonom frå HEC Paris og har gått på forfattarstudiet i Tromsø.
Foto: Anna-Julia Granberg
Dikt
Martin Svedman:
Når jeg drikker
Cappelen Damm
Ustanseleg og desperat drikking er den definitive bensinen i debutantdikta til Martin Svedman. Dikta manar fram eit tragisk og destruktivt univers.
Bortsett frå ein viss hang til Berlioz og Mozart, er eg-personen eit botnlaust hol, som fortærer seg sjølv og omgivnadene. Boka teiknar opp ein alkoholikars veg mot botnen, frå å prøve ut alkoholhaldige drikkar i barndomsåra til å verte fullblods alkoholikar med tørkeperiodar og tilbakefall.
Velkjent mønster
Det heile faldar seg ut i ein knapp, hardkokt stil utan biletleg ornamentikk eller formildande grep. Ein registrerer altså raskt at det finst ein motsetnad mellom den overstadige eg-personens jakt etter alkoholrus og den korthogne, fragmentariske stilen, som ikkje freistar å forklare, berre skildre. Kunstmusikken frå dei høgare sfærane fungerer også som ein avstandsmålar til det eksistensielle nederlaget eg-personen er på veg mot.
Tidvis minner dikta om ein annan drikkediktars vitnemål, nemleg dikta til Charles Bukowski. Men ein må då trekkje frå at Svedmans dikt verkar å utspele seg i eit miljø med relativt trygge økonomiske rammer, ikkje blant randeksistensar i det nedste sosiale sjiktet.
Lite vert lagt imellom. Så lenge han er i stand til å drikke, i einsemd eller i lag med andre, drikk han seg frå jobboppdrag og frå kjærleiken – ja, frå alt, kunne ein seie, berre ikkje frå avgrunnen han eigenhendig har opna. Slik sett følgjer han eit velkjent mønster.
Eksistensiell tørst
Om ein ser dikta under eitt, og prøver å samle dei i éi tolking, kunne ein seie at dei tematiserer uendeleg eksistensiell tørst og mangel, kan hende òg gløymsle og ønsket om å fortrengje alt av medvite liv og liding. Ei forklaring på drivkrafta attom alkoholmarineringa, får ein ikkje, anna enn at han «har/ en begavelse/ for ekstase» og at lesaren sjølvsagt anar at noko ikkje heng på greip i livet hans. Så kan ein spekulere i om årsakene kan finnast i den sosiale konformismen, konsumismen, poseringa, mettheita og keisemda, eller har lege i kim hos denne personen.
Dikta er råe, rett på sak og effektive. Dei flyt av garde i høgt tempo. Det treng ikkje å vere ei innvending mot ei diktbok at ein snur sidene raskt. Det har kan hende meir å gjere med at poeten ikkje er oppteken av å dvele eller fråtse i imponerande bilete. Han sver derimot til ei realistisk form.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta tematiserer uendeleg eksistensiell tørst og
mangel.
Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.