Tildekking
og avdekking
Gaute Heivoll skriv gripande om eit lite samfunn under store omveltingar.
Gaute Heivoll debuterte i 2002 og har skrive både romanar, noveller, dikt og barnebøker.
Foto: Paal Audestad
Roman
Gaute Heivoll:
Sang for sekstiåtte forrædere
Tiden
«Vekkelsene var kommet i flere omganger: under verdenskrigen, under spanskesyken, under krakket i New York. Vekkelsene kom som langsomme dønninger fra den store verden, slo innover skoghavet og dro sjelene med seg.»
Dette er ei verknadsfull skildring av eit fenomen, og typisk for Gaute Heivolls glitrande, målande penn. Sitatet seier òg noko om sørlandsbygda vi møter i romanen Sang for sekstiåtte forrædere – ho rommar eit fromt bedehusmiljø der ingen eigentleg snakkar om noko, men der ein blir sveipt med av store rørsler utanfrå.
Slåande portrett
Denne gongen er det den andre verdskrigen som står på trappene, med alle førevarslande kastevindar. Den respekterte og overtydande butikkeigaren Gerhard Andersen set i gang ein vervekampanje for Nasjonal Samling. Svimlande sekstiåtte medlemmer klarer han å få lokka til seg i den vesle bygda, som romantittelen viser til. Men ikkje alle sluker agnet, og sakte, men sikkert blir bygda splitta. Heivoll viser kor umerkeleg overgangen kan vere frå joviale meiningsforskjellar til farefull splitting som resulterer i tysting på vener og sambygdingar.
Vi følgjer Andreas, som viser seg å vere eit musikalsk talent av dei sjeldne og dermed får spele i både bedehuset og i kyrkja, frå han er barn til han er student i hovudstaden. Men sjølv om vi ser mykje gjennom auga hans, er det den allvitande forfattarens inngåande og slåande portrett av enkeltmenneska i bygda som skapar ei ramme for innleving i fundamentale menneskelege utfordringar.
For korleis skal ein velje i møte med desse sveipa som kjem utanfrå? Kven skal ein høyre på? Om marxismen er Antikrist, skal ein ikkje kjempe mot han med alle middel? Om ein blir lokka med gode som sikrar framtida, skal ein ikkje velje å gå med dei som deler dei ut? Når samanhengen går opp for ein, kva gjer ein då? Går ein tilbake på det ein har sagt, tapar ein vel andlet?
Musikken er samlande
Gaute Heivoll skildrar meisterleg ein pressa og uoversiktleg situasjon, og dei ulike menneskelege reaksjonane på han. Nokre vender seg bort i avsky og sluttar å helse på partimedlemmer. Andre set i det stille tilbake bøker som er bestemt fjerna frå boksamlinga i bygda. Andre igjen blir arresterte av gamle skolekameratar. Vi ser kva som føregår over fleire år på ein plass der ein trass i usemjer berre har nokre få samlingsstadar; dei er overlatne til kvarandre, på godt og vondt. Men musikken, gjennom Andreas, har ein heilande, om ikkje alltid forsonande funksjon.
Heivoll lar oss bli kjende med personane på førehand, i stilla før stormen. Og han er poengtert i måten han gjer det på. Gerhard Andersen er ikkje redd for ein diskusjon: «Han hadde argumentene liggende klare som andre hadde hesjestaurene stablet sirlig under låven.» Malene Finsdal «bar med seg en sorg så stor at selv småfuglene stilnet».
Altertavla i kyrkja hadde ein gong i tida blitt måla over, fordi dei gamle måleria stod i vegen for Ordet. Etter mange år blir ho no restaurert. Når Andreas reiser rundt i bygda og får særleg dei oversette (og blyge) kvinnene til å synge gløymde songskattar, og han fester denne kulturarven til note- og tekstark, kjenner vi, gjennom desse to motiviske grepa, at det òg handlar om tildekking og om avdekking. Det er ei tid for togn, ei tid for å tale.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gaute Heivoll skildrar meisterleg ein pressa
og uoversiktleg situasjon.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.