Bok

Til å bli livredd av

Publisert

Vi trur at vi blir styrte av dei vi vel til å styre oss, men er det slik? Denne dokumentaren om den engelske spinndokteren Tim Bell fortel ei skremmande historie om korleis ein mann og PR-firmaet hans manipulerte opinionen og vann politisk innverknad nasjonalt og internasjonalt – heilt til dei utløyste raseopptøyar i Sør-Afrika og selskapet kollapsa.

I filmen fortel Bell, som døydde i fjor, ope og byrgt korleis dei gjekk fram, og kor lett det var å selje tenestene sine til politiske leiarar. Han blir, med rette, ståande att som den store skurken. Dei det blir mindre tale om, er statsleiarane, politikarane og partia som kjøpte desse tenestene og i det minste måtte ane korleis Bell og folka hans gjekk fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement