JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tett på Langslet

Vi møter Lars Roar Langslet som katolikk, idéhistorikar, kulturjournalist og redaktør, og mannen som var engasjert i språk, litteratur og kunst i Den andre historien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Roar Langslet då han fekk St. Olavs Orden av kansellist Thomas Gram.

Foto: Tone Georgsen / NTB

7783
20240119
7783
20240119

Sakprosa

Nils Heyerdahl:

Den andre historien. Katolikken og humanisten Lars Roar Langslet.

St. Olav Forlag 2023

I Nils Heyerdahls biografi om Langslet, finn vi fylgjande brev, sendt skulestyrar Lødøen i Nesbyen:

«Kjære I. Lødøen.

Kan jeg få lov til å begynne på skolen til neste år? Jeg blir 6 år den 5. mars å jeg kan telle til 1000. Jeg kan også lese litt.

Hilsen Lars Roar Langslet.»

Vesle Lars Roar – også kalla Nutte – får det han bed om. Han startar skulegangen som seksåring, drygt femti år før seksårsreforma.

Langslet skreiv og snakka elles ikkje så mykje om bakgrunnen sin, og han hadde nok eit behov for å reisa ut. Ein grunn kan vera – spekulerer Heyerdal – at faren melde seg inn i NS under krigen, for å kunna halda fram i kommuneadministrasjonen. Det kan ha ramma familien etterpå, men det er få spor av dette. Langslet snakka i alle høve lite om seg sjølv.

Stor bokproduksjon

Den framskunda skulestarten var ein av fleire faktorar som fekk Langslet tidleg i gang. Han vart student alt som 17-åring, vart snart formann i Det Norske Studentersamfunn, som på femtitalet diskuterte tema som eksistensialisme, religion og filosofi med leiande europeiske filosofar som innleiarar. Han debuterte sjølv som føredragshaldar i slike forum som 20-åring. Etter avlagd magistergrad som 27-åring hadde han valet mellom politikk og ein karriere som skrivande akademikar. Han valde begge.

Då Langslet døydde i 2016, etterlét han seg ein stor litterær produksjon om filosofi, politikk, litteratur og katolsk tru. Ein kriminalroman og fleire kongebiografiar vart det også tid til. Og så skreiv han minneboka Fra innsiden. Glimt fra et halvt liv i politikken (1994). Det halve livet viser til at han brukte om lag halvparten av den yrkesaktive tida si på politiske verv, som stortingsrepresentant og regjeringsmedlem, men med denne vendinga seier han også at livet hans er meir enn politikk

Statsråd Lars Roar Langslet (1936–2016) i audiens hos pave Johannes Paul II 24. juni 1982.

Foto frå boka

Vegen til katolisismen

Nils Heyerdahls bok tek før seg «den andre historia», det som skjedde utanfor politikken og dei store offentlege oppdraga. Og det viktigaste temaet hans er Langslets veg til katolisismen og hans rolle der. Men sidan Langslets veg til katolsk tru hadde eit sterkt intellektuelt preg, blir denne historia også ei forteljing om Langslets lesnad og intellektuelle orientering. Og det er det mest verdifulle i Heyerdahl bok.

Langslet kjem frå Nesbyen til Oslo som 17-åring, og på kort tid får han kontakt med det konservative studentmiljøet, spelar ei nøkkelrolle i Minerva-krinsen og blir kjend med dominikanarane i Neuberggata. Han plasserer seg i det verdikonservative «Annen front»-miljøet, som avviste positivistisk vitskapstru og held fast ved kulturelle verdiar i religion og litteratur.

Særleg blir kontakten med pater Hallvard Rieber-Mohn viktig; gjennom han får han kjennskap til katolske tenkjarar som Thomas Aquinas, Jacques Maritain og Gabriel Marcel, og diktarar som Paul Claudel, George Bernanos og Graham Greene. Heyerdahl gir korte og presise innføringar i desse forfattarskapane, og gjenskaper noko av den atmosfæren som Langslet ferdast i som student.

Å konvertera var ei alvorleg sak; katolisismen var i luthersk samanheng noko Luther frelste oss frå, og norske katolikkar kjende seg både misforståtte og isolerte. Dei var også ei lita gruppe fram til innvandringa skaut fart. Det er nesten rørande å lesa breva mellom Lars Roar Langslet og Per Lønning, der konvertitten bed om at dei må vera vener trass i at han skiftar kyrkjesamfunn. Lønning forsikrar at venskapen er urokka, men legg til at han er sterkt usamd med katolikkane på fleire punkt. Dette er kort tid før Langslet blir vald til Stortinget, medan Lønning avsluttar si tid der.

Politisk orientering

Langslets intellektuelle orientering blir også ei historie om norsk åndsliv på femtitalet. Han er ein viktig representant for å kulturlivet før 1968, der det var ei konfliktlinje mellom verdikonservative, ofte religiøse intellektuelle, og ei dominerande gruppe kulturradikale vitskapsfolk.

Forutan kontakten med det katolske miljøet omgav Langslet seg med akademikarar som Asbjørn Aarnes, Egil Wyller og Hans Skjervheim. Marxismen var lite inne i debatten, og paradoksalt nok kunne Langslet skriva magistergrad om «menneskets fremmedgjørelse» hos Marx – etter innspel frå Skjervheim (som seinare vart Marx-dødaren framfor nokon). Og Langslet framstiller framandgjeringa som eit viktig tema i industrisamfunnet, men avviser at ho kan opphevast ved omorganisering av økonomien.

Langslets politiske orientering er interessant. Han vil, i tråd med Edmund Bruke, «forandre for å bevare». Det beste i fortida må vi verna om og ta vare på, og det gjeld ikkje minst religionen. Men for å gjera dette må ein redefinera det i møte med ei ny tid. Dette svarer godt til tankegangen i Det andre vatikankonsilet, som forandra Den katolske kyrkja, liturgisk og teologisk, for å bevara kjernen.

«Det som har stor offentleg interesse, er den breie verdikonservatismen som Langslet representerte.»

Verdikonservatisme

Heyerdahl er sjølv katolikk og skriv frå innsida av miljøet. Og han fortel ei positiv historie, som kunne blitt einstonig. Men som godt er, tek han også med konfliktar og kampar i Den katolske kyrkja. Han skriv om konfliktane i dominikanarmiljøet, striden kring pater Pollestad og medlemsrotet i Oslo-kyrkja. Langslet gjorde det også klart at han ikkje kunne fylgja det pavelege forbodet mot prevensjon og fordømminga av homofil kjærleik, eit spørsmål som har skapt stor strid både nasjonalt og internasjonalt.

Og her opnar Heyerdahl også opp om noko Langslet var taus om: hans homofile orientering. Som medlem av eit konservativt kyrkjesamfunn var det vanskeleg for Langslet å gå høgt på banen, og i hans ungdom var jo homofilt samliv straffbart. Men Heyerdal skriv – nøkternt og respektfullt – også om denne sida, inkludert om forholdet til ein yngre mann seint i livet. Vi blir minte på kor vanskeleg det har vore for denne gruppa, og kor stor endring det er blitt for dei i seinare år.

Heyerdahl går stundom i detalj om alle som var med i krinsen kring dominikanarane. Dette blir litt internt. Men det som har stor offentleg interesse, er den breie verdikonservatismen som Langslet representerte, og som han var ein viktig talsmann for i Høgre. For Langslet var økonomisk politikk pragmatiske spørsmål og inga hovudsak i hans politiske syn.

Men etter at han trekte seg frå politikken, har den verdikonservative delen av Høgre blitt nesten borte. Dei to siste som stod for noko som likna, var no avlidne Inge Lønning og Torbjørn Røe Isaksen, som er ute av politikken. Ein konservativ analyse av den sterke nyliberale impulsen, som i dag styrer både Ap og Høgre, ville vore interessant. Trua på reint økonomiske modellar er like sterk i Høgre som i den marxismen Langslet kritiserte. Men er konservatismen i Langslets form gravlagd i det stille?

Eg kjenner meg att i mange av Langslets synspunkt: Kritikken av politiske ideologiar som vil fikse alt, innsikta i avgrensinga av politikkens handlingsrom. I språksynet var han sentral i riksmålsrørsla, men hans tradisjonalisme omfatta også nynorsken, som han las og var glad i. Han var også spaltist i Dag og Tid ein periode.

Men på eitt punkt er han ein framand: i svermeriet for kongar, pavar og andre folk i høge posisjonar. Her praktiserer han ein slags umedviten overklassekultur som eg nok aldri vil kunne kjenna meg heime i. Men Langslets selskap er både lærande og vennleg, og eg har hatt stor glede av å lesa om «den andre historia».

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis