Bok
Temperert poesi
Vibeke Rosenberg skriv dikt som får naturen til å opne seg.
Vibeke Rosenberg er diktdebutant.
Foto: Tommy Ødegård
Den som bor ved et juv, ein bundel med naturlyriske dikt, sansingar og refleksjonar, er ein debut som det er all grunn til å dvele ved.
I dikta gestaltar dialogen med naturen det menneskelege nærværet og sjølvmedvitet. Diktdebutanten skriv om hjortespor, hare og grågåstrekket og rissar opp tyding ved hjelp av få ord og suggestive bilete. Det er ikkje berre den store verda som vert fanga inn, for «min verden er liten/ fra utelampa går støvlemerkene/ til bjerketreet med matfatet/ derfra et ekornspor inn mot skogen». Og like mykje som poeten fyller orda med ny meining, så tømmer ho dei. For når «språket er en/ båt med sprekker», og diktaren «øser og hviler», er det ikkje berre glede og lyst, men eit eksistensielt naudsyn som gjer at ein må skrive poesi.
Motivisk einskap
Utsegna seier også noko om kva diktet gjer, for om språket er ein båt, transporterer diktet lesaren og diktaren til ein annan stad. Og slike stadar og overgangar er sentrale i diktboka. Ein ser det i dei siterte linene ovanfor, der ei opning ut og bort vert skissert, «derfra et ekornspor inn i skogen», og det finst i opningsdiktet, i form av ei tregrense som vert overskriden. Slik vinn boka ein motivisk einskap.
Naturen kan vere samtalepartnar og ein læremeister, «nå lærer jeg av frosken/ den kjappe flukten under en einer». Sjølv om dikta rettar seg mot landskap, fauna og flora, mot tinga der ute, kjem også diktar-eget i søkjelyset, i bråe glimt. Ei prosaisk og smertefull setning kan brått lyse opp: «jeg vet ikke hvor jeg skal gjøre av meg». Ifølgje diktet er setninga skriven i ei dagbok av ein tiåring. Spørsmålet har ein klang av heimløyse, kanskje òg av blygsle, ein kropp som er både for liten og for stor og ikkje passar inn, og som ikkje vil syne seg fram.
Gode vendingar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.