JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sunt bondevit står seg

Bondevett handlar om eit avslutta kapittel. Difor har boka mykje å seie til framtida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5439
20190510
5439
20190510

Sakprosa

Erik
Stenvik:

Bondevett: En personlig historie om livet på landet – og avfolkninga av norske bygder

Aschehoug 2019

Nett før eg set meg ned for å lese boka Bondevett, skal eg fjerne ein planke som er spikra fast på ein pall. Til å hjelpe meg har eg eit kubein, men kubeinet vil ikkje inn i mellomrommet det er laga for å bryte opp.

– Du må ta fart. Det hjelper ikkje å bruke berre armane, du må ha med heile kroppen, får eg høyre frå sidelinja, som har førti års fartstid i praktisk arbeid.

– Det er ein teknikk med alt, smiler han då eg får det til.

Overgangen er nærast saumlaus inn i Erik Stenviks gardbrukarunivers. For dette òg er bondevett: alle dei små teknikkane, og å vite når ein skal bruke dei, korleis dei kan kombinerast, at ein kan lite på dei og seg sjølv – som oftast er dette to sider av same sak – når noko uventa skjer, når oksen slit seg og ein ikkje har anna enn kjeledressen i bevernylon å hjelpe seg med, eller korleis ein reiser sperr i lause lufta, kommuniserer på eit bråkete sagbruk og lærer ein arbeidshest å gå beint.

«Selv om jeg aldri ble fagmann som anna enn veterinær i egentlig forstand, ble jeg etter hvert også en habil tømmerhogger, smed og snekker», skriv Stenvik, og det gjev han store mengder glede: For når målet ikkje er å finne den mest lettvinte eller ein gong billegaste løysinga, men tvert om å skape noko «ved hjelp av den kompetansen vi skaffa oss gjennom teoretisk innsikt og praktisk erfaring», er kunnskapen i seg sjølv og ikkje minst gleda over han tusen gonger viktigare enn nemninga på han.

Sentralt plassert

Erik Stenvik var bonde på garden Bjørg i Namdalseid i Nord-Trøndelag i nærare tretti år – eit augeblikk, ja, det må vere lov å kalle det ein parentes i historia, i det mange tusen år gamle kulturlandskapet og kunnskapen som ligg til grunn for å produsere mat i nett dette området.

Dette veit Stenvik – oppvaksen som bygut, men med tidleg landbruksinteresse som vart omsett i kjøp av gard då kona synte seg av same slaget. Det enda som heiltids sauebonde, men av det som no gjerne vert kalla «det gamle slaget»: med motorsagdriven skogsdrift på vinteren, fjøs av eige tømmer og jamvel arbeidshest på stallen.

Trass i dei avslutta åra: Stenvik har fått med seg mykje. Særs mykje, vil eg seie, om sentrale hendingar i utviklinga – eller skal vi seie avviklinga? – av norsk jordbruk slik vi kjenner det i dag: frå Hitra-aksjonen som låg til grunn for opptrappingsvedtaket, til 30-bruksprosjektet som ligg til grunn for Debio-regelverket for økologisk landbruk, jordbrukstingingar gjennom Småbrukarlaget, entreprenørifiseringa av norsk skogbruk og utviklinga i norsk husdyravl og -hald. Sistnemnde summerer han opp slik: «Myndighetene, godt hjulpet av krefter innafor landbruket, har sia den gang, mot all fornuft, systematisk forsøkt å industrialisere sauen også.»

Slik syner Stenvik at ingenting i norsk jordbrukspolitikk er verken tilfeldig eller naturgjeve – alt er skapt, og alltid har nokon vunne på det, og nokon andre tapt. Som oftast har taparen vorte småbonden – ho som lit på sine eigne ressursar, eigne krefter, ja, ho som syner best bondevit, for bondevit er det færre som tener pengar på. Stenvik syner det ikkje gjennom statistikk og tung retorikk, men gjennom erfaring og eige slit. Slik får han tyngde.

Han kritiserer i alle retningar. Om han sjølv identifiserer seg med det kunstgjødsel- og sprøytemiddelfrie jordbruket, går han ikkje av vegen for å kritisere korleis det økologiske jordbruket i Noreg har vorte: for langt frå krinslaupstanken. Slik får han truverde.

Og han gjer det lågmælt. Difor har vi ikkje problem med å tru på han når han nærast i forbifarten slår fast at «Det landbruket vi har i Norge i dag, er derfor ikke forenlig med miljøvennlig drift».

I den perioden Erik Stenvik og kona Nanna var bønder på Borg, gjekk talet på norske gardar i drift ned frå 150.000 til 40.000. Det syner ei alvorleg nedgangstid i norsk jordbruk, ei endring som kjem verken norske bønder, husdyr, matjord, skog, bygdeliv eller forbrukarar til gode.

Viktig for oss alle

Men Bondevett handlar om meir. Fyrst og fremst slår Stenvik eit slag for eit syn på livet – ikkje ein religion, langt derifrå, men bondevitet han tek til orde for, er mangelvare for langt fleire enn bønder og synleggjer ein samfunnsbrest som stikk djupare enn berre landbruket: kor fysisk hjelpelause det digitale samfunnet er i ferd med å gjere oss, korleis vi kjem stadig lenger unna å kunne hjelpe oss sjølve, enten aleine eller medmenneske til medmenneske, i vanskelege situasjonar, om det no er ei punktering utan jekk eller personlege utfordringar som råkar oss. Vi lit på systemet og teknologien lenge før vi lit på oss sjølv.

Det einaste eg skulle ynskje meg, var at Aschehoug hadde spandert ei noko meir spanande innpakning. Eg skulle gjerne ha sett korleis garden Bjørg ser ut. Sjølv om Stenvik skildrar utfordringar og gleder både levande, sterkt og rørande, hadde boka tent på å brytast opp med eit bilete eller to. Bondevett er ei praktbok, og innpakninga kunne med fordel fått stå i stil.

Men viktigast er innhaldet: Erik Stenviks danningsreise er ein fryd å fylgje. Ideologien fortener politisk gjennomslag.

Siri Helle

Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bondevett er ei praktbok, og innpakninga kunne med fordel fått stå i stil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis