Bok

Styrken i det skrøpelege

Line Nyborg skriv fengslande om det tilsynelatande hendingslause tilværet.

Line Nyborg er ute med sin femte roman.
Line Nyborg er ute med sin femte roman.
Publisert

Siv omtalar seg sjølv som «Siv», liksom utanfrå, når ho vil ta avstand frå den viljelause, ettergivande dama som ho har tatt farvel med. Ho har reist frå den dominerande mannen sin i Nord-Noreg og busett seg på ein annan plass i landet saman med tenåringssonen Adam. Men kor lett er det eigentleg å byrje på nytt, med dårleg råd, med middels sjølvtillit? Når «Siv» likevel er med på lasset?

Det vaklevorne livet

Siv og Adam bur i ei leilegheit der alt er skakt og skrøpeleg, dører fell av hengslene, det er lytt mellom romma og etasjane. Den vaklevorne leilegheita blir eit bilete på det indre livet til Siv, og på relasjonen mellom henne og sonen. Kva skal ho gjere med den tverre femtenåringen som stengjer seg inne i dataspela sine og slepper ut avvisande kommentarar, som trakkar rundt med lange armar, store steg og uforsiktig framferd i desse skjøre omgivnadene? Han «lukker aldri dører eller jakker eller nettsider», alt blir gjort utan tanke på andre, slik ser det ut. Er det ein fase, er det ho sjølv som skapar denne motviljen i han? Er det det at ho lurer på dette, som skapar grobotnen for det? Skal ein ikkje vere audmjuk overfor tenåringar, men berre setje grenser? Kor hentar ein styrken til det frå? Viss ein må ut og hente han, kan det då kallast ein styrke?

Adam går på skulen når han orkar, han er i ferd med å bli ein problemelev. Han har eit par vener han heng med på fritida, ein om gongen. Siv går på jobb og på yoga, og pratar av og til med naboen som står og røyker utanfor blokka. Og ho pratar i telefonen med venninna i nord. Det er stort sett det som skjer.

Alle meiner noko

På yogaen møter Siv unge og attraktive Even, og jammen møter ho ikkje snille og solide Erik ein annan plass, så no skjer det plutseleg ein heil del. Men ho møter dei som ho møter andre: avventande. Ho har ein lite kjenslevar sjef som hersar med henne på eit slags umerkeleg plan, det er det verste planet. Skulen seier at ho må ta meir ansvar for sonen, venninna seier at ho må be skulen om hjelp, Erik seier at ho må sleppe Adam litt, ikkje kontrollere så mykje. Alle meiner noko, ho gjer som alle seier, prøver ut det eine etter det andre. Som ho seier sjølv: «Jeg har ingen tillit til min egen erfaring, eller min egen tolkning av den.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement