Studiepoeng til debutant
Karina Karlsen Aase skriv friskt og underhaldande om eit studentliv på halv tolv.
Karian Karlsen Aase er utdanna litteraturvitar, arbeider som lærar og har gitt ut sin første roman.
Foto: Cappelen Damm
Roman
Karina Karlsen Aase:
Lidefjes
Cappelen Damm
Studentlivet, hugsar mange av oss, kan fortone seg som både utstrekt og medvitsutvidande, og klaustrofobisk og trongbudd. Hos debutanten Karina Karlsen Aase er det definitivt snakk om begge delar.
Frustrasjon
Det er romjul. Kathrine bur i kollektivet på Nygårdshøyden i Bergen i staden for å bruke fridagane heime hos familien på strilelandet. Internettet er nede. Venene er for det meste bortreiste. Det er kaldt ute, men særleg inne. Ho sit med lue under dyna og høyrer på LP-plater. Ho har ikkje mykje pengar å bruke. Ho steiker ris til middag med frosne grønsaker. Ho går til PC-salen på universitetet for å chatte med vener og sjekke siste nytt frå bloggane ho følgjer. Det er ganske stussleg.
Samstundes har ho gode vener, eller i alle fall vener, som ein og ein begynner å kome tilbake etter julefeiring. Då er det ikkje langt til uteliv og privatfestar, til sex og alkohol og sjangling gjennom bergensgater, til intrigar og konfliktar med veninner, til kjenslemessige frustrasjonar som ein tydelegvis alltid må takle åleine om ein er Kathrine.
Kathrine er ein kvikk, ironisk, replikksterk person, som i større grad blir sett på som ein ven enn som eit seksuelt objekt av gutevenene. Av veninnene blir ho ikkje rekna for særskilt hjelpetrengande. Men vår hovudperson har òg eit indre liv som ikkje alltid er i vater. Blant anna planlegg ho ei framtid med den pene, men litt arrogante karen Lidefjes, men lesaren er ikkje sikker på om han har same planane. Oppi det heile er ho fylt med tvil omkring faget ho studerer, eller om å vere student i det heile: Er ho skikka til det, smart nok?
«Det var sa° mange bøker hun ville lese. Sa° mange bøker hun hadde lyst til a° ville lese.»
Originalt og sleivete
Aase har ein syrleg og god penn, og ho kjedar aldri lesaren med å dvele for lenge ved situasjonane, likevel får ho mykje ut av dei. Den korte boka på 169 sider kjennest både innhaldsrik og drivande. Personane blir presist skildra med få ord. Replikkane kjennest truverdige og blir av karakterane leverte med ei blanding av livstrøytt og livsglad snert.
Språkleg kan Aase overraske med originale bilde: «Na°r han Kathrine bodde med var glad og mett, og han andre hun bodde med var blitt morsom av rødvinen, da følte hun seg akkurat som en ovnsbakt potet, og stuen deres føltes som et hjem.» Eller som i dette eksemplet: «En svensk modell med rart ansikt og okkult innsikt poserte med en veske som matchet hennes ekstra store alpelue.»
Andre gonger kan det sjå ut som forfattaren ikkje har tenkt godt nok gjennom bilda, då verkar dei meir sleivete. Når Aase skriv om «engen som luktet nybakt brød», spør eg meg sjølv: Luktar no eigentleg ei eng nybakt brød? Nei. Når ho påstår at «Mennesket er en slimet hjerne som føler seg fram over grusen med nysgjerrige tentakler», er dette bildebruk på avvegar. Bilda er for mange (slim, hjerne, grus, tentaklar) og står ikkje i eit innbyrdes forhold, dessutan gir dei både samla og kvar for seg lite meining i samanhengen. Sjølv om eg forstår kva forfattaren prøver å seie.
Men utover det, og ser ein bort frå at det er altfor mange trykkfeil i boka, er dette ein sterk romandebut med mange litterære – og humoristiske – kvalitetar.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språkleg kan Aase overraske med originale bilde.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.