Strålande avslutning
Lars Saabye Christensens innblanding i sin eigen roman gjer sterkt inntrykk.
Lars Saabye Christensen har avslutta trilogien frå Fagerborg i Oslo
Foto: Magnus Stivi
Roman
Lars Saabye Christensen:
Byens spor. Skyggeboken
Cappelen Damm
I tredje band av Byens spor. Skyggeboken møter vi igjen den vesle familien frå Fagerborg på Oslos vestkant som vi frå før har følgt gjennom 1950- og 60-åra. No er vi komne til slutten av 60-åra og byrjinga av 70-åra. Narkofolket tar plass i Slottsparken. Det politiske klimaet blir spissa og delt i slengbukser og slipsberarar. Ein må ta stilling til EEC. Det er ei brytingstid, der Maj Kristoffersens «gamaldagse» haldningar får brynt seg mot neste generasjons. Raudekrossen har vore ein sentral del av dei to førre romanane, og hjelpetiltak derfrå finst framleis, men «Veldedigheten har fått trangere kår». Ein type solidaritet raknar, ein annan får fotfeste.
Sjølv på rollelista
Jesper, son til Maj, har vore vekkreist lenge, og når han kjem tilbake, er han vekkreist på ein annan måte. Veslesøstera Stine gjer sine dyrekjøpte erfaringar med utdanning, gutar og verdisyn. Jespers kamerat Jostein held på med inntening og sparing, eting og slanking, og heldigvis med sin heilt eigne måte å ordlegge seg på. Fru Hall, tidlegare Vik, strevar med sitt og håpar ingen skjøner kva som skjer bak lukka dører. Også denne gongen er livet til desse personane, og livet til byen, vakkert skildra.
Men denne gongen gir teksten plass til ein karakter til: forfattaren. Han vender seg til lesaren som eit eg, midt i tredjepersonsforteljinga. Han skriv inn sitt blikk på skriveprosessen, på si eiga sjukdomshistorie, og han ikkje berre viser til andre bøker han har skrive, men lar karakterar frå andre romanar blande seg inn i handlinga. Opningsscena viser Kim, Gunnar, Sebastian og Ola frå Beatles, der dei kastar bilmerke dei har stole uti sjøen, og der kjem dei over ei hending utført av ein person frå Byens spor. Vegane til Kim Karlsen frå Beatles kryssar seinare vegane til Jesper Kristoffersen.
Christensen skriv plutseleg at det var «min mor» som sørgde for referata frå Raudekrossen, ikkje Maj. Han skriv at det var før «vi» begynte å rappe bilmerke, som om han var ein del av firarbanden i Beatles. Han ser seg om i dødsannonsane, reflekterer over eigen alvorlege diagnose. Og han bruker dette nivået til å gå inn i og ut av hovudhandlinga, saumlaust og relevant, vitalt og givande.
Intratekstualitet er det akademiske omgrepet for når forfattaren går i dialog med eigen forfattarskap. Det er det Lars Saabye Christensen gjer her, og han presenterer det både som ei samanknyting og ei avrunding. Som vi har lest om i avisene: «Saabye Christensens siste bok!» Det kan vere, men vi må ikkje gløyme at det finst ein prinsipiell avstand mellom forfattaren og «forfattaren». Likevel opnar det seg – med denne openhjartige forfattarviljen – noko i forfattarskapen, ein ekstra dimensjon som eg blir sterkt gripen av.
Klassisk klang
Begeistringa mi handlar elles om den tidskolorittmetta handlinga, og om personane Christensen nok ein gong gjer levande for meg. Det handlar om klassiske, vakre Christensen-formuleringar: «Jesper faller gjennom et juv og lander i et ekko som bare har konsonanter og sorte tangenter.» Ein kan le av «Pasienten forholder seg til diagnosen som paraplyene til værmeldingen.» Og kjenne eit alvor på kjøpet. Ein kan motvillig slå seg til ro med: «Vi ender alle som annonser til slutt.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Begeistringa mi handlar elles
om personane Christensen nok ein gong gjer levande for meg.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.