Bok
Stort poetisk spenn
Det finst definitivt noko vilt, anarkisk og uregjerleg hos Terje Dragseth.
Terje Dragseth feirar 40 år som diktar.
Foto: Thyra Dragseth / Cappelen Damm
«Er det ikkje nok –/ å legge en gaffel i skuffen», spør Terje Dragseth i eit dikt i Alt jeg er redd for. Linene handlar kanskje om å verte merksam på det som elles vert oversett og usynleggjort i den automatiserte kvardagen. Dei set søkjelyset på kva som vert betrakta som uverkelege, mindre verdfulle handlingar. Men versa kastar oss også ut av den konkrete situasjonen og inn i systema og hierarkia av handlingar, der noko vert rekna for å ha større verdi enn anna. Innanfor slike system, som gjer ufri og sløvar menneska, held det at «du er nær nok i det ubetydelege».
Rørsler
Kanskje seier dette noko om rørsla i desse dikta. Dragseth søkjer mot det ibuande i tingen og handlingane for å frigjere dei. På vegen mot tingen møter han òg det som overskrid tingen, som fangar han i meiningar, system, samfunnet, ordenen. Slik finst det rørsler og motrørsler som nesten alltid bryt mot kvarandre i Dragseths poesi. Det er ein poet som ikkje vil tenkje, kanskje mykje heller sanse, men som likevel tenkjer og undervegs gjerne motseier seg sjølv. På det viset freistar diktet å halde det moglege, eller det umoglege, ope for menneska.
Terje Dragseth feirar førti år som diktar når han no kjem med Alt jeg er redd for. Det byrjar med eit lengre dikt der Dragseth rett fram listar opp alt han fryktar: «Jeg er redd diktet er ferdig, det står et øksehugg i treet.» Her er også dikt vigde den kollektive frykta, manifestert i ulven.
Konglomerat
Boka består av eit konglomerat av ulike dikt. Her er politisk pamflett, eksistensiell vedkjenning, rima dikt, økopoesi, nummerdikt og høvesdikt. Men også refleksjonar over kunstverk, hyllingsdikt og minnedikt. Ein del av dikta har vore publiserte tidligare til ulike høve. Spennet er iallfall stort, her svingar det frå det spørjande, poengterte, haikuliknande diktet til den ekspansive høgstemte lovsongen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.