Størst av alt er kjærleiken
Romanen om Jesus har eit gjennomført språk, men er svakare som litteratur.
Sylfest Lomheim har Jesus som hovudperson i romanen.
Foto: Berit Roald
Roman
Sylfest Lomheim:
Menneskesonen
Kolofon Forlag
Sylfest Lomheim er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder, han har vore direktør i Språkrådet og programmedarbeidar i radioprogrammet Språkteigen. Han har òg vore konsulent i ein revisjon av Bibelen, der han mellom anna merka seg at Jesus aldri omtalte seg sjølv som Messias, men som Menneskesonen. Derfor har Lomheim lagt vekt på denne sida av Jeshua, som han blir kalla her. Forfattaren legg seg tett på historia slik vi kjenner henne frå Bibelen, men gjer nokre personlege diktariske val.
Refererande stil
Jeshua veks opp i Nasaret, som uekte son av Mirjam og Josef. Han reiser ut på si naudsynte ferd og blir jødisk rabbi. Han omgir seg etter kvart med læresveinar. Han er både i ørkenen og blir prøva og i bryllaup i Kana. Men Mirjam er ikkje jomfru, og Jeshua forelskar seg i Sarahi – dei har eit inderleg kjærleiksforhold – som dei ikkje kan gi seg over til fordi Sarahi er lova bort til ein annan. Jeshua bestemmer seg då for å bruke denne kjærleikskrafta til å motivere seg for ei større livsgjerning: å vere Menneskesonen.
Lomheim skildrar ein mann som er opptatt av samtalen, samværet, samfunnet. Av rettferd og likeverd. Opprøret er ein grunnleggande kvalitet: «Eg gjer opprør; difor er eg.» Det er ikkje godt å seie kven som er den største profeten når mora Mirjam seier: «Kjære guten min, anten vert det noko stort av deg, eller so hamnar du i fangeholet.» Saman med sitt nynorske i-mål brukar Lomheim bibelske vendingar som «Sanneleg, dét seier eg», eller «Ordi dala ned over dei og gjorde godt».
Men stilen kan bli i overkant refererande. Romanen opnar slik: «Eg er Menneskesonen. Eg sit her og skodar mot åsryggen i vest.» Mykje blir fortald på denne måten, ved at «eg gjer», «eg ser», «eg tenkjer at» – slik blir det vanskeleg å komme på innsida av teksten. Språkstilen «stenger for utsikta» til innhaldet. Unntaka er når Jeshua møter Sarahi, og i den originale slutten etter korsfestinga, men den aukande lesarmerksemda her kjem nok også av at sjølve historia skil seg frå den vi er vande med.
Somme tider blir det for leksikalsk, vi høyrer språkprofessoren skine gjennom: «Namnet på grendi er forresten vakkert og løfterikt nok: Nasaret tyder etter gamalt ein stad der det gror og spirer!» Eller det er noko med kjensla av at enkelte ting hadde ein kanskje ikkje påpeika i samtida: «Det er gammal, opptilsedd skikk hos oss, og slik er skikken framleis. Me set det munnlege over det skriftlege.»
Forteljevilje
Lomheim har uttalt at han har skrive om den personen som har hatt mest å seie for vestleg kultur dei siste to tusen åra. Då kan ein òg nemne at det er heller ingen tekstar i den same perioden som er fortalt, gjenfortalt, dikta vidare på eller referert til i like stor grad i vestleg litteratur som Det gamle og Det nye testamentet. Skal vi fatte interesse for ein ny innfallsvinkel, må resultatet også vere litterært sterkt. Lomheims versjon kunne nok hatt godt av ei meir «show, don’t tell»-dreiing, for verkeleg å sleppe oss inn i stoffet.
Likevel er det noko sympatisk over utgjevinga. Forteljeviljen er det drivande elementet. På innhaldsplanet er det vekta kjærleiken og opprøret får – at dette ikkje er kvalitetar som kan fornektast eller forhandlast med – som er slåande. Kan ei livsgjerning, eit kall, framleis kome ut av slike krefter, framfor ut av gode karakterar på Handelshøgskulen, er vi jo alle nøgde.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sylfest Lomheims versjon kunne nok hatt godt av ei meir «show, don’t tell»-dreiing, for verkeleg å sleppe oss inn i stoffet.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE