JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Soga om det idylliske landet

Kva er «det norske», og korleis ter vi oss mot utanverda? Det er noko av det Finn Olstad tek opp i den nye noregssoga si.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5312
20190614
5312
20190614

Historie

Finn
Olstad:

Den store forsoningen. Norsk historie 1900–1945 Den lange oppturen. Norsk historie 1945–2015.

Dreyer 2017/2019

Kva er det med dette merkelege landet? Denne langstrekte kyststaten der folk hiv seg frampå med flagg og bunad på skjer og brygger, som då NRK-programmet Hurtigruten – minutt for minutt vart sendt for nokre år sidan.

Noreg, denne «murrande idyllen», kombinasjonen av «friluftsmuseum og kvitglødande høgteknologi», dette fjell- og fjordlandskapet like under Nordpolen-isen som vert «halde i live ved intravenøse drypp frå oljeindustrien», som Hans Magnus Enzensberger såg oss i Norsk utakt frå 1987.

No har Finn Olstad freista gje eit svar. Inspirert av Tony Judts Postwar (2005) har han skrive to band noregssoge for ein ny generasjon. Det er jo ein klisjé at kvar generasjon må skriva si eiga noregssoge. Men Olstad har eit poeng. Og vi veit jo at historie ofte er gissing om fortida og for viktig til å overlata til historikarane. Difor må nye perspektiv heile tida verta utprøvde – og debatterte offentleg.

Versjonen til Olstad er skoren over leisten klassisk sosialpolitisk historie. Aksen i framstillinga er klasseperspektivet. Det er greitt nok, men det får mange fylgjer. Eit døme:

Utval og blindflekkar

Olstad er nokså døv for den breie kulturreisinga som til dømes målrørsla stod for, og korleis nynorsken er uttrykk for djupe kulturskilje i landet vårt. Vi ser lite til Stein Rokkans nøye uttenkte skiljelineanalyse der norsk politikk vert sett på som motstand mot sentral autoritet, og der klasse legg seg oppå eller vert kombinert med utkant/sentrum-spenningar og religion. (Dei klassiske døma er Nord-Noreg og Sørvestlandet.)

Kampen mot patriarkatet får for liten plass i dette perspektivet. Politikken på femtitalet var ikkje berre strid om statens grenser. Tenk på haldningskampen frå då av: frå Hallesby og likekjønna ekteskap på femti år. Det er eit gap.

Stilt andsynes eit så omfattande verk som dette kan ein meldar ha to vegar å gå. Ein kan etterlysa moment, personar og hendingar som ikkje er med. Eller ein kan undersøkja heile perspektivet, nett det eg har streifa her.

Når det gjeld det siste, fører Olstads klasseanalyse til noko han har felles med mange norske historikarar: mangelen på samanliknande perspektiv.

Olstad ser tida frå 1905 til 1945 som ei stor forsoning. Arbeidarklassen vart inkorporert, eller – sagt på ein annan måte – fann seg sjølv, og vann respekt etter eit mellomspel om revolusjon.

Olstad gjev mykje av æra for forsoninga til tre personar i arbeidslivet: Paal Berg, formann i Arbeidsretten, Finn Dahl frå arbeidsgjevarane og Halvard Olsen i LO. Dei la grunnlaget til kriseforliket som gav Nygaardsvold makta i 1935. Denne delen er ein tekst av fyrste klasse.

Sivilisert høgreside

Men altså samanlikningane: Det som vert underspela her, er kor sivilisert den norske høgresida har vore samanlikna med resten av Europa.

I Frankrike i 1936 sa høgresida at dei føretrekte Hitler framfor sosialisten (og «israelitten», som dei sa) Léon Blum. Nett å sjå på Noreg utanfrå gjev interessante perspektiv. I Sverige kom dei konservative mykje nærare korporative tankeformer enn i Noreg, takk vera C.J. Hambro. Her vart det drege opp eit bolverk mot høgreekstremismen.

Høgreleiaren i nabolandet, Jarl Hjalmarsson, sa i 1920-åra at dei skulle «mala sønder folkstyret». Kvifor? Å høyra kva Olstad hadde å seia her, ville gjeve teksten eit lyft.

Og så til Finland: Der vart det borgarkrig i 1918, med 37.000 drepne på nokre vårmånader, og i 1937 fekk fascistpartiet IKL 8 prosent. (NS fekk 2,8 prosent.) Geopolitisk plassering er nokså mykje borte hjå Olstad.

På den andre sida: Under lanseringa av Den lange oppturen tok Gudmund Hernes opp nivåproblemet. Mykje politikk skjer i komitear og på kommunenivå og kunne vorte heist opp betre hjå Olstad.

Klassisk sosiologi

«Smertefri institusjonsendring» har Ulf Tor­­­gersen kalla dette trekket ved Noreg. Olstads tekst kunne i det heile fått ein ny dimensjon ved å ta inn perspektiv frå den klassiske samanliknande historiske sosiologien og den tyske historiske samfunnsvitskapen.

Dette er ikkje fagsjåvinisme, men rett og slett eit ynske fødd av rein interesse for denne rike teksten. Det må vere lov å seia at dei fleste norske historikarane er for svake på samfunnsvitskapleg metode. Olstad vel eit klasseperspektiv som ordnande prinsipp. Det er fruktbart, men kvifor berre det?

J.M. Keynes sa ein gong at politikarane gjerne er offer for teoriane til ein eller annan avdanka økonom. Historikarane kan like gjerne bli offer for illusjonen om at dei er så tett på røyndomen og så teorifrie. Då fell dei gjerne i alle feller. Betre å vera medvitne om vala. Eg seier ikkje at Olstad går i ei slik felle, berre at eit perspektiv utanfrå ville gjort teksten endå betre.

Når det er sagt, vil eg konkludera med at på eigne premiss er dette to framifrå bøker, især rik på kunnskap om sosialt liv, arbeidsliv og politisk historie.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Olstad er nokså døv for den breie kulturreisinga som til dømes målrørsla stod for.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis