JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Smart underhaldning

Ingrid Winter er tilbake, endringskoordinert og optimalisert gjennom self-reinforcement.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavangar og har blant anna skrive fire romanar om Ingrid Winter.

Foto: Tommy Ellingsen

3582
20230609
3582
20230609

Roman

Janne S. Drangsholt:

Winterferie

Tiden

Janne Stigen Drangsholt er kjend frå NRK-podkasten Janne og Jostein-show og for boka Frå Shakespeare til Knausgård. 66 klassikere du naturligvis har lest. Ho har gjort stor suksess med bøkene om Ingrid Winter. I den fjerde romanen, Winterferie, er Ingrid blitt professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavanger, som forfattaren sjølv, og eit akademisk tilvære i New Public Management-tidsalderen kan by på utfordringar.

Altfor vennleg mann

På arbeidsplassen hennar heiter det ikkje at nokon har fått sparken, men at arbeidspultar er «omfordelt». Folk har yrkestitlar som «endringskoordinator», ting er «optimale», ein «formaliserer» avtalar, «initierer» ein prosess, og det blir snakka om «self-care» og «self-reinforcement». Instituttleiar Tore Jan Reitan, som har MA i endringsleiing og fleire studiepoeng i situasjonell leiing, kallar henne inn for å seie at litteratur er «så 1997», no er det det visuelle og SoMe som gjeld. Framfor alt: kortformata.

Ingrids svar på denne trenden er slikt som å seie «forbilde-schmorbilde» i sitt stille sinn, og den kritisk-ironiske innstillinga er ho vand til å dele med ektemannen Bjørnar. Men no har Bjørnar blitt urovekkande positiv, noko som uroar Ingrid djupt. Dei glir frå kvarandre, omgitte av tre oppdaterte døtrer som kan fortelje kva emojis eigentleg tyder, at smilefjes med lukka munn, eller tommel opp, seier at du er psykopat. Bloggaren og naboen Katti er knekt etter eit samlivsbrot og prøver å jogge det av seg saman med Ingrid, den ikkje-litterære søstera Erle gjer suksess med ei bok, og foreldra deira er like røyndomsfjerne som før.

Tett på karikatur

Bøkene om Ingrid Winter er kalla Noregs Bridget Jones. Likskapane er mange i forvirring, forvikling og forverring. Ingrid Winter har ikkje lett for å gli saumlaust inn i omgivnadane. Men Ingrid er ein fagperson, og dette ekstra laget gir ei tyngd til desse romanane. Den matte kjensla av å ha skaffa seg årelang utdanning berre for å bli klipt ned til ei (latterleggjerande) setning i eit TV-innslag, smittar over på lesaren. Det er ein ekte kamp som går føre seg. Kampen om språket, om formidlinga, om kunnskapsforvalting.

Men først og fremst er Winterferie lettbeint lesing. Det er sårt på ein ikkje for krevjande måte, og humoren er sydd rundt situasjonar og persontypar. Når ein karikerer slik, blir det ikkje mykje plass til nyansar. Dei tre døtrene har kvar sine interesser, særeigenheiter og mantra som dei sjeldan vik frå. Resten av karakterane har òg trekk som gjer dei meir til sjablongar enn til samansette menneske. Sjølv Ingrid har noko sementert over seg i si livsoppfatning. Men det gjer i grunnen ikkje noko, for skal ein setje noko på spissen, må ein òg skjerpe blyanten og teikne tydelege strekar.

Janne S. Drangsholt manøvrerer seg gjennom teikneblokka med kløkt, spenst og temperaturrikt språk. Temaa er ikkje i seg sjølv enkle eller banale; det står noko på spel. Og i denne verda til Ingrid finst ikkje berre folk som ordlegg seg slik: «Kringkaster stiller seg dynamisk, men tålmodig til prosessen og er forsiktig håpefull til at vi skal klare å få til en visualisering.» Men òg bloggarar som trur at innsikt i eigen sminkepung og Spotify-liste kvalifiserer til etterretteleg meiningsytring: «Jeg tror det var Beyoncé som først ga uttrykk for viktigheten av å kjenne seg selv, sa Katti.» Det er morosamt.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis