Bok
«Slik blir du et ukeblad»
Medieforskarane Martin Eide og Christine Myrvang har skrive om Dagbladets reise inn i dataalderen.
Arve Solstad var redaktør i Dagbladet i perioden 1973–1989 med telefon, papir og blyant.
Arkivfoto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB scanpix
Dagbladet fyller 150 år 2. januar 2019. Då burde det ikkje overraska at det vert laga ei bok i høvet. Det er ingenting media likar betre enn å gjera seg sjølv til ei hending som krev omtale i media. Men no er det alt skrive ei bok om dei første 125 åra, Utskjelt og utsolgt frå 1993, redigert av Hans Fredrik Dahl og andre Dagbladet-folk.
Ein murstein
Den nye jubileumsboka nøyer seg med å handla om dei siste om lag 35 åra, frå 80-åra og fram til i dag. Denne gongen er det ikkje Dagbladets eigne folk som lagar boka, men forskarar utanfrå: Christine Myrvang, som er forskar i økonomisk historie ved BI, og professor Martin Eide, som er medieforskar ved Universitetet i Bergen.
Har dette vore ein føremon? Tja, forskarar er ikkje dei beste til å skriva kort og konsist og lett. Det er eit paradoks når boka skal handla om ei tabloidavis, som nettopp legg vekt på slike ideal.
Resultatet har i alle fall vorte ein murstein på over 400 sider. Det einaste tabloide med boka er alle bileta, som fyller 120 av sidene. Bileta er fine, men kan hende litt vel interne, medan teksten godt kunne ha vore korta inn. Det er mange gjentakingar og overlappingar mellom kapitla.
Ukronologisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.