Skråblikk
Det finst mange gode tilløp, men ingen lange hopp hos Joakim Kjørsvik.
Joakim Kjørsvik skriv både komisk og tragikomisk.
Foto: Tove Sivertsen
Forteljingar
Joakim Kjørsvik:
Folk jeg husker
Kolon
«Hvor mange av de jeg husker, har glemt meg?», står det på side 141 i Joakim Kjørsviks nye bok, der alle minus to forteljingar startar med «Jeg husker…». Etter å ha lese gjennom 148 sider og 90 forteljingar kan ein alltids spørje kor mange ein hugsar, ikkje berre av personar, men også av innhald og substans.
Utgangspunktet for Kjørsvik er livet hans og folk han har sett og møtt frå langt tilbake i barndom, oppvekst og fram til dagen i dag. Når Kjørsvik er fødd i 1978, gir dette eit spenn på godt og vel 30 år. Framstillinga er skisseaktig, rapsodisk og ukronologisk, og løftar fram episodar og minneglimt som i mange tilfelle lener seg mot vitsen og anekdoten med ei pussig og surrealistisk perspektivforskyving som sprengjer rammene for tid og rom. Dermed oppstår det ein spesiell energi som baserer seg på det uventa og overraskande. Når dette blir krydra med humor og eit skrått blikk på tilværet, blir det til tider både underhaldande og poengtert.
Presise portrett
Dei 90 forteljingane varierer frå rundt fire sider og ned til ei linje, for eksempel på s. 56: «Jeg husker Theodor, den kødden.» Om denne linja skal passere som forteljing, må ein strekkje sjangeromgrepet lenger enn langt, og denne utfordringa av sjangeren finn ein fleire eksempel på når formatet blir redusert til tre–fire linjer. Ernest Hemingways vidgjetne novelle på seks ord (For sale: baby shoes, never worn) er det ein bør måle seg mot, og Kjørsvik er ikkje heilt der i komprimert spenning og ein avgrunn av undertekst.
Likevel er det mykje å gle seg over når Kjørsvik rissar opp korte og presise portrett av folk han har sett og møtt. Det er barndomsvenner, arbeidskollegaer, kjærastar, tilfeldige møte rundt omkring på reiser, medsoldatar frå militærtenesta; i det heile tatt, det er eit album å bla i for fleire enn den næraste omgangskretsen.
Komisk
Joakim Kjørsvik debuterte i 2007 med ein bukett historier, før han i 2013 gav ut romanen I fjor var en lang natt. I begge bøkene viser han eit velutvikla talent for det komiske og det tragikomiske, og dette talentet tar han også inn i den tredje boka si utan heilt å nå opp til det nivået han viste i 2013.
Men for all del; les gjerne Kjørsvik og få deg ein god latter i vintermørkret.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Krydra med humor og eit skrått blikk på tilværet blir det til tider både underhaldande og poengtert.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.