JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Skildrar av rang

Unn Conradi Andersen kan godt bli heile livet for meg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Unn Conradi Andersen er forskar, forfattar og sosiolog. Ho debuterte som romanforfattar i 2017.

Foto: Agnete Brun

3867
20240621
3867
20240621

Roman

Unn Conradi Andersen:

Bli litt til

Forlaget Oktober

Det finst mange songar som inneheld frasen «Bli hos meg». På dei fleste språk. Gjerne tonesett og framført med ein inderleg desperasjon. Det er vel fordi det er djupt menneskeleg å ikkje vilje bli forlaten. I Unn Conradi Andersens andre roman er tittelen Bli litt til, og det er no i alle fall urovekkande.

Siv er førelesar i kunsthistorie. Ho har skeive vener, som bestevenninna Anna, men sjølv har ho ikkje slått seg til ro, med verken barn eller partnar, sjølv om ho nærmar seg 40. Ho lever singellivet sitt i ordna former.

Når ho treffer Jack, boksetrenar og skadeskote menneske, er ho ikkje førebudd på å bli hovudstups forelska. Men dei to kvinnene skal kvervlast ut i motsetnader og lidenskap. Ei impulsiv og uavhengig sjel, ei ansvarleg som likar at ting er føreseielege.

«Unn Conradi Andersen skriv sanseleg, men aldri sentimentalt.»

Sanseleg og levande

Unn Conradi Andersen skriv sanseleg, men aldri sentimentalt. Gjennomgåande ser lesaren omgivnadene og stemninga klart føre seg: «Vi går ein tur på øya, sola ligg så lågt at ho skin gjennom strå og raudkløver. Ein familie på fire ender, to store og to forpjuska små, vaggar seg over det lavalikande landskapet i fjæra.»

Slike strekk seier noko om forfattarevna til Andersen, sjølvsagt, men òg indirekte noko om innlevingsevna til eg-personen Siv. Det same gjer den uannonserte vekslinga mellom første og tredje person: Midt i eit eg-forteljarparti kan det plutseleg stå: «Jack hugsar godt den første gongen ho tok toget frå heimstaden Sheffield og til London med ei venninne.»

Først tenker eg at Andersen vekslar mellom eg-forteljarar, inntil eg skjønar at desse overgangane òg ligg i Siv sin «munn», at det er ho som set seg inn i andres situasjonar, på empatisk vis. Dermed blir òg portretta av dei andre karakterane levande og interessante, som venninna Anna, som Jacks eks Ingunn, eller som Jacks umistelege ven frå Sheffield, Will.

Frå godt til betre

Når vi finn Siv ståande med sauestir i auditoriet, ute av stand til å vere der for studentane etter at ho har kome for seint for første gong i sitt liv, blir det klart at også den organiserte Siv er blitt vippa av pinnen i det intense forholdet. Men i siste halvdel av romanen får vi høyre meir om Jacks sørgjelege bakgrunn, med opplevingar vi unner dei færraste.

Skildringa av desse to kvinnene, med kvar sin personlegdom og bakgrunn, og av korleis dei samhandlar og elskar etter beste evne, blir berre sterkare, romanen veks og veks, frå eit allereie solid utgangspunkt.

Romanen rører elles konkret ved skeiv problematikk ved at pride-paraden og terrorhandlinga ved London Pub blir skriven inn. Men det blir òg reflektert meir lågmælt omkring kjønnsidentitet: «Eg har den versjonen i meg, og han er jamgod med alle dei andre. Han er jamgod med guten i meg som sprang gjennom skogen i heimbygda, med jenta i meg som sat i eit tre, med tenåringen som fekk små bryst, med den unge kvinna som ikkje ville kle seg i bunad, med den vaksne kvinna som går i dongeribukse, dress, kjole, slips, smykke, eg har alle versjonar inni meg, og alle ønsker eg skal bli tatt imot.»

Dette kan låte plakatpolitisk, men ikkje i Andersens roman. Her glir det rett inn i den oppriktige soga.

Skal eg få kome med nokre innvendingar, må det vere at eg ikkje trur det er typisk for augestikkarar å bli trekte mot ei lampe ein mørk kveld. At ein sverm av flyndrer fyk forbi; det er vel helst ein stim. Og når det står at personar luktar av sitrus, lavendel og mynte – er ikkje det ein litterær konstruksjon? Folk går då vel stort sett rundt og luktar boksehanskar? Vel, det er mogleg eg har mista luktesansen etter korona. Men ikkje nasen for god litteratur.

Ingvild Bræin 

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis