Bok
Sirklar av tap, sorg og minne
Rune Christiansen har skrive ei sterk diktbok.
Det er åtte år sidan den førre diktsamlinga til Rune Christiansen kom ut.
Foto: Baard Henriksen
Rune Christiansen debuterte som poet i 1986, men har også utvikla ein særmerkt og prislønt prosaforfattarskap. I år er det likevel poesien som gjeld.
Den barokke og slyngande tittelen, som verkar å huse fleire titlar, byd mellom anna på ein referanse til ein av den vestlege kulturens grunnforteljingar: Det gylne skinnet, som i gresk mytologi, grovt fortalt, er den gullfarga pelsen til ein bukk med vengjer som Jason og argonautane henta i Kolkhis. Christiansen har også laga kollagen på omslaget, der ein mellom anna augnar plastfigurar, eit stempel, headingen til eit Vill Vest-blad og delar av eit postkort frå Siracusa som syner Vår frue av tårene, Madonna-figuren som vart heilagkåra. Altså ulike små objekt han har teke vare på, som minne.
Tittelen og omslaget signaliserer at tilfanget er allsidig. Og Christiansens mangfelte diktepistlar kan forståast som ei jakt etter han sjølv, barndommen, faren og mora, ja, etter kjeldene for eiga historie – som har gått tapt.
Sjølvportrett
Diktboka opnar med eit sjølvportrett der gjenstandar han assosierer med reisa, vert nemnde, eit tog og eit ope landskap, og bokas siste setning kling slik: «Eller du skraper sot ut av en/ ovn, og som i en gammel ballades sluttsats/ finner du, uten anger, tilbake til deg selv». Sluttorda skaper assosiasjonar til Oskeladden, som samlar skrot som han seinare får bruk for. Christiansens diktbok handlar om ei sorg over tapt tid og frigjeringa frå denne sorga. For minnet, trass i kor upåliteleg og fullt av tomrom det kan vere, er det som skapar samanheng og mogleg forståing for mennesket.
Original biletvev
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.