JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Så sant som det er sagt

Knut Nærum skriv tankevekkande satire om grenser for innsyn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Nærum har skrive ein roman inspirert av det åttande bodet: «Du skal ikkje tale usant om nesten din.»

Foto: Eigil Korsager www.eigilkorsager

3714
20200918
3714
20200918

Roman

Knut Nærum:

Sannheten. En flyktnings historie om da hjemlandet ble rammet av innsyn og ærlighet

Vigmostad Bjørke

Ærlegdom varer lengst, heiter det. Men kor lenge varer noko som helst, om ein skal vere heilt sannferdig kvart sekund? Prøv å sjå kor langt du kjem i løpet av ein dag. I Knut Nærums roman Sannheten kjem det absurde i å alltid sjå på sanning som omsorg for eksempel fram i ein replikk frå mann til kone: «Jeg har vært utro. Det vil si, jeg er det fortsatt. Det er et forhold som ikke er over. Som pa°ga°r. (…) Og bare sa° det er sagt, det er et forhold som jeg mener har vært, er, bra for meg. Hun – Karita – fa°r meg til a° se lysere pa° ting. Da kan jeg ogsa° være mer til stede hjemme. Har du merket det, at jeg er i bedre humør? (…) Og det mener jeg er en god ting for oss begge.»

Retten til skrøner

Hovudpersonen Jannike er tidleg i 40-åra, er gift med Stefan og har to barn. Dei bur på Røa i Oslo. Dei lever i ei brytingstid, der styresmaktene har gått inn for eit meir ope samfunn: Ingen skal ha løyndomar, alle må seie sanninga, elles får dei kvalmebyer av den innebygde løgndetektorchipen. Ein slik grad av å vere open slår sjølvsagt om og blir eit fengsel. Storebror ser deg, enten gjennom reglementet, frå dronane i lufta eller ved registreringa på biblioteket: Som bibliotekar blir Jannike beden om å skrive ei liste over kva ein mogleg terrorist vil lese, slik at styresmaktene kan jamføre lista med utlånsregisteret og plukke ut suspekte lånarar. All slik registrering er sjølvsagt «frivillig», det er berre det at ein blir frosen ut og fordømd om ein ikkje går med på det. Då «melder ein seg jo ut av fellesskapen».

Dei som overvakar det heile, er Innsynet, tidlegare Datatilsynet. Her jobbar såkalla velmeinande menneske, og deira fiende nummer ein er motstandsgruppa LOFD («Løgn og forbandet dikt», etter Ibsen). Gruppa kjempar for retten til å fortelje ei skrøne i ny og ne, for å ha løyndomar. Konflikten spissar seg til, og til sist endar motstandsfolka som flyktningar ved svenskegrensa, der dei lever av villsvin og bær og jaktar med spyd. Frå rekkehus på Røa til steinalder på kort tid der, altså.

Humor og alvor

Knut Nærum er kanskje ikkje i første rekke romanforfattar, om vi ser på karakteroppbygging og språkføring, sjølv om han har ein velutvikla teft for dramaturgi. Nærum har først og fremst sans for satire, og eg ser Sannheten som leik, som eit tankeeksperiment over kva som skjer når samfunnet går føre individet i total forstand, når ein ikkje står igjen med eit einaste rom som er berre eins eige.

Den humoristiske delen av satiren kjem tydeleg fram i historia om hiphopartisten Lille G som blir arrestert for å rappe om ein bakgrunn han ikkje har. Eller når bøker blir stoppa fordi dei «beskriver hendelser fra virkeligheten, men likevel markedsføres som skjønnlitteratur.» Og når foreldre plutseleg blir ærlege om barnas kunstnarlege prestasjonar på skuleavslutningar:

«– Mamma, jamret jenta bak hun med sømmen.

– Unnskyld meg, sa moren, men du husket ikke engang halvparten av replikkene dine. Og du synger ikke reint, akkurat.»

Det er òg plass til eit større alvor, som når det kjem flyktningar til villsvincampen frå eit krigsherja land. Dei vil inn i Noreg, som motstandsgruppa har flykta frå. Gruppene diskuterer seg imellom kva som er verst: å bli bomba eller å ikkje ha noko privatliv. Svaret blir hengande. Alt er relativt, som det heiter. Men så er ikkje det sant heller.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nærum har først og fremst sans for satire, og eg ser Sannheten som leik, som eit tankeeksperiment.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis