JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Rutineprosa om skriftkultur

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5333
20190906
5333
20190906

Sakprosa

Stig Jarle Helset og
Endre Brunstad (red.):

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Cappelen Damm Akademisk 2019

Papirmagasinet Newsweek gjekk i trykken laurdag kveld. Laurdag 17. januar 1998 stoppa redaktørane eit eksklusivt oppslag om Clinton-affæren med Monica Lewinsky i siste liten av di dei var usikre på konsekvensane. I staden slo nettpublikasjonen Drudge Report til kl. 22.32 same kvelden. Dagane etter fekk journalistar det travelt med å skaffe seg internettabonnement så dei kunne lese oppslaget på ein nettstad dei ikkje hadde høyrt om.

Året før hadde Norsk språkråd gjort eit første forsøk på å finne ut kor mykje nynorsk og bokmål som blei brukt i dokument på internett. Og i 1996 hadde Idar Lind gjort noko heilt nytt. Same år som Dag og Tid og nokre få andre aviser gjekk digitalt, publiserte han kriminalromanen Hysj digitalt, kapittel for kapittel.

Skriftkultur

Skrifta er der same kvar ein vender seg. Då blir det også viktig å forstå dei mange funksjonane skrift har, korleis desse har endra seg over tid, og korleis skriftkulturar pregar samfunn. Den norske bokbransjen etablerte Rådet for skriftkultur alt i 1982 og opna dermed feltet for allmenne drøftingar lenge før norske forskarar hadde noko å melde. Eit så vidt felt ligg vidope for tverrfaglege studiar der språkforskarar, litteraturvitarar, retorikarar, sosiologar og statsvitarar skriv seg saman. På vegen dit kan sjølv avgrensa studiar ha verdi.

Den nye e-boka Skriftkulturstudiar i ei brytingstid inneheld artiklar av sju professorar og ein førsteamanuensis. Bak dei titlane ligg mykje skriverøynsle, men det meste av boka er rutineprosa. Verken dei skilsetjande hendingane ovanfor eller dynamikken i utviklinga er fanga opp. Diverre handlar få av dei 149 sidene om det digitale og like få om brytingstida.

Kvar for seg gjer Arne Apelseth og Kjell Lars Berge ryddig greie for skriftkultur generelt og nordisk forsking i skriftkultur på 2000-talet. Som tidlegare ordskifte i Dag og Tid har vist, er forskarane usamde om omgrepsbruken. Medan ‘skriftkultur’ i det minste gir ei intuitiv forståing av kva det handlar om, har særleg pedagogane fått det for seg at ‘literacy’ er meir meiningsfylt. Det er eit fotnoteord i den forstand at det må forklarast og presiserast kvar gong det blir brukt i ei vidare tyding. Eit omgrep som er diffust på engelsk, blir sjeldan klarare i setningar på norsk. Alt i 1971 omsette Johan Ottesen ‘literacy’ med ‘skriftkultur’ i Engelsk-norsk ordliste i sosiologi. Takk og pris, redaktørane Stig Jarle Helset og Endre Brunstad har halde fast ved ‘skriftkultur’ som samlande omgrep.

Brytingstid

Berge femner om mangt i sitt kapittel, men er ikkje sjenerøs nok til å fange eit historisk poeng. I 1990-åra skreiv og snakka fleire om skriftkultur. Ein av dei var språkvitaren Lars S. Vikør. Han la fram ein definisjon av ‘skriftkultur’ som blei formande for mykje av det Nynorsk kultursentrum gjorde på 2000-talet. Hos Berge er ingen Vikør å finne, og like merkeleg, ingen Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som både på eiga hand og i arbeidet sitt ved Universitetet i Stavanger har gjort skriftkulturstudiet så tverrfagleg som det bør vere.

Same kva omgrep ein bruker, kryssar lite og inkje av denne tekstforskinga grensa mellom det klassiske og det romantiske litteraturomgrepet. Tekstforskarane rører knapt diktekunsten, og dei «tradisjonelle» litteraturforskarane nøler med å inkludere skriftkulturens perspektiv. Då sementerer ein det skiljet som nokon prøvde å bryte ned nettopp i denne brytingstida mellom analogt og digitalt.

Jan Inge Sørbø og Geir Hjorthol står for dei empiriske studiane, men ingen av artiklane handlar om den nemnde brytingstida. Sørbø drøftar forholdet mellom danning og dikting med særleg vekt på folkehøgskuletradisjonen. Hjorthol går ein ny runde med Kjartan Fløgstads skriftverk og dreg meir vekslar på Mikhail Bakhtins karnevalisme enn på skriftkulturteori.

Boka byggjer på foredrag frå eit seminar. I slike høve er det gjerne nokon som hamnar på sida. Denne gongen er det Stephen J. Walton. Han gjer godt greie for nokre hovudtrekk i boka Schriftkultur av Peter Stein. Endeleg, tenkte eg, som har hatt stor nytte av Steins analysar like sidan eg snubla over boka i Berlin få månader etter utgivinga i 2006. Utover dette fyller Walton på med meiningar om mangt som kunne vore laurdagskåseri i Klassekampen, men som er alt anna enn forsking.

Den litterære kvaliteten varierer mykje i seminarbøker, og stilistisk raffinement må vike når forskarane skundar seg langs teljekantane. I denne boka pressar både Apelseth og Berge for mange resonnement og kompakte substantiv inn mellom to punktum. Når lange avsnitt i tillegg hopar seg opp, anar lesaren etter kvart knapt kva som er viktigast. Også innleiinga til redaktørane er skjemd. Det blir ikkje meir vitskapleg om ein skriv oralitet for ‘munnleg’. Sjølv språkforskarar ser ikkje alltid kva orda seier, så to gonger på fire linjer vil dei ikkje berre opne, dei vil opne opp. Språkslurv er ein del av den digitale brytingstida, men bør ikkje vere det i ei fagfellevurdert bok som er finansiert med fleire hundre tusen statskroner.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I boka pressar både Apelseth og Berge for mange resonnement og kompakte
substantiv inn mellom to punktum.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis