Rusens og kjærleikens overskridingar
Ein springande lyrisk tale som bevegar seg høgt og lågt i det språklege registeret.
Eirik S. Røkkum er debutant og kjem frå Averøy.
Foto: Terje Visnes
DIKT
Eirik S. Røkkum:
Kaskader av okser og aske. Langdikt I–XXII
Flamme Forlag
Lyrikkdebutanten Eirik S. Røkkum har med Kaskader av okser og aske skrive ein lyrisk-ekstatisk rølpeodyssé. Det lyriske eget jaktar på sanninga om seg sjølv og søkjer etter kjærleikens og rusens overskridande opplevingar og språk. Eget, som altså vekslar mellom å vere småfull og overstadig, rører seg gjennom Trondheims nattlege gater og bydelar, frekventerer pøbbar og hamnar i grøfter og slåstkampar, sekundert av ein springande lyrisk tale som vender seg til eit du – og til poesien. Men dette duet, som først er ein kjærast, forsvinn or soga, slik at det lyriske eget vert til ein forsmådd og einsam elskar og duet til ein ekskjærast.
Bloddrypande
Dermed er nokre av dei transformasjonane som langdiktet utfaldar, nemnde. Diktboka byrjar så å seie rett på, med gassen på fullt, i ei kebabsjappe. Med munnfullar av kebab lirer diktet av seg nokre omskrivne gloser frå Goethe og utsegner som rammar inn poetikken som skal vere styrande for ein sterkt animerte nattleg odyssé. Oksen vert etablert som motiv, for eget skal drikke «... av blodfossen fra matadoren/ når han hentes inn av/ et horn gjennom lysken». Diktet gjer seg på ingen måte til talsmann for måtehaldspoetikk: «Jeg skal smøre linjene utover/ som ei due under varebilhjulet.»
Djerve, hamrande og bloddrypande bilete ber bod om høg litterær energi. Men, som ein erfarer, ideane er ofte meir fullenda enn gjennomføringa. For lyrikken i boka slingrar og sjanglar i rykk og napp, frå det høge til det låge, frå treffande bilete, poesihistoriske referansar, via grøftefyll til plumpe og nærmast uforståelege replikkar fødde av fyllerøret.
Poetisk erklæring
Trass i den fordrukne tekstoverflata er diktet ei sjølv-vedkjenning og ei poetisk erklæring. Diktboka teiknar eit større bilete av egets oppvekst og historie, samstundes som diktet vev inn dusinvis av sitat frå poetar og bøker. Eget er eksistensielt sett heimlaust.
Som forfattarspire i fri flyt mellom samfunnsklassar, bøker, jobbar og bustader, alltid pengelens, med ei universitetsutdanning som har framandgjort eget frå heimstaden, og med den gryande innsikta at det aldri kan vende heim, har det mista all forankring, bortsett frå i litteraturen og i det lyriske språket.
Jamvel om langdikta er springande, endar det ikkje berre i rør og rølp. Debutanten utviklar motiviske samanhengar, demonstrerer språkleg djervskap og legg for dagen humor og stort vidd.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Djerve, hamrande og bloddrypande bilete ber bod om høg litterær energi.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.