Bok
Røter og røyst
Luggs lyriske univers er stadig i rørsle.
Carl André Lugg har så langt gjeve ut seks diktsamlingar.
Foto: Tiden
Det finst konstantar i Casper André Luggs lyrikk. Dikta krinsar rundt den menneskelege avgrunnen, ei eksistensiell heimløyse. Det har vore ei utvikling i forma frå dei første diktbøkene fram til årets bok, den sjette i rekka. I Mariabiotopene står dikta fram som meir splintra, samstundes som sansen for det lydlege har fått større plass og verkar som det arbeider på ein heilt annan måte saman med bileta. Kanskje kunne ein seie at poeten har gått frå å lage bilete til å framstille røyst. Det lyriske universet til Casper André Lugg rører seg her mot noko meir dynamisk og sanseleg, men også mot noko som kan vere vanskelegare å gripe rasjonelt.
«Biotop er intuisjon», heiter det i eit dikt, der det også heiter at «jeg har byttet ut min nesten like/ min menneskelike/ for en vegetativ bønn». Ei lyttande bøn i staden for det poetiske biletet. Og under denne horisonten, som inkluderer økologi, bøna og ein særleg måte å vere i og med naturen på, kan ein sjå dikta. Dikta rommar spontane innsikter, ei direkte erfaring som ikkje vert formidla gjennom refleksjonen.
Det greske ordet biotop er ein stad der levande organismar held til, og der miljøet er temmeleg einsarta, tilpassa eit bestemt samfunn av dyr og plantar. Andre leddet i tittelen, Maria, er eit eigennamn som ein først assosierer med Bibelen og Jesu mor, som igjen kan omfatte kjærleiken og mennesket. Slik kan ein lese Mariabiotopene inn i ein økologisk samanheng som også freistar plassere inn mennesket, i eit kjærleg forhold til naturen.
I dei korte dikta vert mange dimensjonar og motivkrinsar antyda. Her er eit søkjelys på det minste, på det som fell frå, har brote seg laus frå heilskapen, men som likevel stadig knyter seg saman og skapar nye samband og vokster, slik frøet eller eit prefiks i språket kan gjere. Rørslemotivet finst i fleire dikt, så dei er ikkje stadbundne: «du som ikke kan begrense/ din egen tilhørighet». Elles så kan ein lese alle referansane til vindens berøring, luft og tomleik som nådefulle og i opposisjon til materiens tyngd, men slik at det å fordjupe seg i materien, gå ned, er nødvendig for å frigjere seg, stige opp, slik eit frø gjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.