Roman med himmel over
Mattis Øybø har skrive ein sterk og medrivande roman om historia – og om plassen historiene har i livet vårt.
Den nye romanen er Mattis Øybøs femte.
Foto: Baard Henriksen
Roman
Mattis Øybø:
Den siste overlevende er død
Oktober
Fem forteljingar utgjer Mattis Øybøs roman Den siste overlevende er død. Dei oppfører seg på eit vis som enkeltståande tekstar, men er knytte saman gjennom felles tematikk og personar som kryssar tekstane. Eit historisk bakteppe er andre verdskrigen og jødeutryddinga.
Eit gjennomgangstema er kva for forteljingar vi har om oss sjølve, om andre, om fortida, korleis vi heile tida har eit slags spelerom for det vi vel å fortelje. Som det heiter ein plass: «Han ble stående litt, som for å feste seg selv til scenen – en mann alene på en togperrong – assosiasjonene det ga ham, alle fortellingene kan kunne inngå i.»
Elegant fletta
Vi møter Jonathan som nett har mista faren som han ikkje kjende, men som han visste var av jødisk opphav. Henrik og Louise kjem over gøymde kjærleiksbrev frå ein tysk soldat til ei norsk kvinne. Tessa har ein løyndom som held henne saman, og når han står i fare for å nå allmenta, er ho sjølv redd for miste kontrollen over si eiga forteljing.
Tomas er dratt mellom to familiar, mellom fortid og notid og mellom å legge kreftene i å fortelje ein annan person si historie, eller få orden på si eiga. Peter registrerer at mor hans, som har begynt å bli litt rotete, i takt med gløymsla busar ut med hendingar ho til no har halde skjult.
Øybø flettar elegant inn detaljar og namn, musikkspor og andre hint som knyter tekstene saman. Bitane fell på plass for lesaren etter kvart og lager eit stort rom over denne romanen, eit rom for tenking og tolking, for gjenkjenning og forståing. Ein tenker på alt frå korleis roller dannar seg i eit ekteskap, til krigens gru. Karakterteikninga er solid og replikkføringa levande.
Ein interessant påstand i romanen er at også det å hugse kan vere «barbarisk». Vi lever som regel etter slagordet «Vi må aldri gløyme» (krigs- og terrorhandlingar og andre overgrep). Men ein av personane i romanen mister heile familien sin i holocaust: Når han vender tilbake, er det ingen igjen. Han for sin del kan berre gå vidare ved å legge det bak seg. «Det er ikke for mennesket å huske», seier han.
Ei anna oppsiktsvekkande setning, som har sanning i seg dersom ein tenker seg om, er denne: «Denne manglende evnen til løgn: Så hensynsløs den var. Så blottet for barmhjertighet.»
Kjennest viktig
Mattis Øybø har skrive ein medrivande og sterk roman. I vekslinga mellom det trivielle og kvardagslege (ungar og strømpebukser) og det store (menneskelege og tidlause drama, kjærleik og brytingar, lengt og ufred) oppstår ein roman som kjennest svært viktig.
Og når den siste overlevande er død, er det ingen igjen til å fortelje historiene, men då kan ein, som vist i romanen, finne gamle brev og fotografi under golvplankane på kjøkkenet som set ein på sporet av noko. Eller ein kan finne Øybøs bok om hundre år.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I vekslinga mellom det trivielle og det store oppstår ein roman som kjennest svært viktig.
Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»