Rikt og finstemt
Hos Terje Holtet Larsen finn du alt det handlar om, litt på sida av handlinga.
Terje Holtet Larsens nyaste roman er den tolvte i rekka.
Foto: Baard Henriksen
Roman
Terje Holtet Larsen:
Den magre kvinnen i hagen i flukt med tennisbanene
Forlaget Oktober
Ein ung mann har mista ei mor som han teknisk sett aldri har hatt, sidan han har vakse opp hos besteforeldra.
Når han skal tømme leilegheita hennar, set ein nabo han på sporet av ei kvinne som tidlegare har husa mor hans, dessutan hyra henne som selskapsdame for mannlege klientar.
Det er denne kvinna som er «den magre kvinnen i hagen i flukt med tennisbanene», som det heiter i romantittelen. Sjølv bur den unge mannen ein stad der han utfører ikkje heilt lovlege tenester for huseigaren og held slik husleiga nede. Han innleier òg eit forhold til ein kvinneleg kunststudent.
Entusiastisk blaing
Dette utgjer ramma for handlinga i Terje Holtet Larsens roman. Sjølve handlinga er ein heilt annan plass: mellom linjene – slik det ofte er i Larsens litteratur.
Han skildrar gjerne ein hovudperson som gjer alt han kan for ikkje å handle. Som aller helst lar seg drive med, som gjer seg usynleg, prøver å sleppe unna aktivitetar som krev engasjement. Dermed blir handlinga snarare sjølve drøftinga av i kva grad hovudpersonen får til dette («Jeg ser for meg mitt fremtidige jeg som en mann som endelig har innsett at det faktisk ikke finnes noe i livet som er så viktig at man ikke like gjerne kan unnvære det.»), og utforskinga av korleis ein gir inntrykk av å vere til stades, sjølv om ein ikkje er det («Jeg satte opp det som var ment å forestille en erfaren og forståelsesfull mine.»).
Litteratur om ein meir eller mindre likegyldig mann er sjølvsagt ikkje sjølv likegyldig. Det er utruleg kor entusiastisk ein kan bla seg framover i denne romanen for å høyre kor stille det står på neste side. Det er fordi det rike og finstemte språket til Larsen på ingen måte står stille. Det byr òg på innsikter, som ofte følgjer relasjonane, samtalane personane imellom, psykologien i dei. Korleis det ikkje er til å unngå at nokre av replikkane våre ikkje kjem «frå hjartet», men er instinktivt kalkulerte: «Hun ventet et øyeblikk med å svare, som for å gi meg tid til å angre på spørsmålet og trekke det tilbake.» Andre gongar rekk ein ikkje kalkulere noko som helst, men må la orda bøye seg for innhaldet i dei: «Hun snakket langsomt og omstendelig, som om ordene hun visste at hun var tvunget til å benytte, veide mer enn tungen hennes var i stand til å bære, og derfor måtte rulles ut av munnen.»
Teatralske formgrep
Lange strekk av romanen består av replikkar mellom hovudpersonen og dei få karakterane rundt han. At så mykje av stoffet vert halde oppe av replikkar, skaper assosiasjonar til eit teatermanus. Karakterane er elles omtalte som «den skallede mannen», «den unge kvinnen med gullsandalene», «den milde kvinnen som våket hos de døende» og, altså, «den magre kvinnen i hagen i flukt med tennisbanene» – det læt som ei blanding av rollebeskrivingar og scenetilvisingar. Attpåtil står det etter siste setninga i romanen: «SLUTT». Teppefall, altså.
Dette skaper ei førestilling om romanen som noko iscenesett, som alle romanar er. Men i dagens røyndomslitteraturæra er det lettare å få auge på dei kunstnariske grepa i teatret. Kanskje bruker Terje Holtet Larsen desse metodane for å minne oss på at skal ein skape noko som blir opplevd som realisme i litteraturen, krevst store, kunstige fakter.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Litteratur om ein meir eller mindre likegyldig mann er sjølvsagt ikkje sjølv likegyldig.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.