JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Respekt for «morra di»

Ein finn seg sjølv med både hjartet og latteren i halsen når Arne Svingen skriv med utgangspunkt i det fjerde bodet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arne Svingen har med denne boka skrive ni romanar for vaksne.

Foto: Lise Åserud / NTB

3061
20201030
3061
20201030

Roman

Arne Svingen:

Min sønn

Vigmostad Bjørke

Vigmostad Bjørke lanserte tidlegare i år ein serie med frittståande romanar inspirerte av Dei ti boda. Først ute var Jørgen Brekkes Andre guder, skriven over bodet «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg». Knut Nærums Sannheten tok for seg bodet «Du skal ikkje tale usant om nesten din». Arne Svingen har med romanen Min sønn valt seg bodet: «Du skal ære far din og mor di.»

Kor langt kan ein gå?

Mora Jorunn og sonen Ronny lever eit relativt isolert liv i det ein kan tenke seg er ein norsk forstad. Ronny har nokre kameratar han heng med, men ho har ikkje heilt innsyn i kven dei er, og kva dei alle driv med. Med andre ord er Ronny ein ganske normal 16-åring med behov for å halde foreldra på ein viss avstand. Jorunn er langtidssjukmeld frå resepsjonsjobben i Skatteetaten, og vi skjønar snart at ho er overvektig og plaga med knea. Ho kan ikkje bere for tungt. Ho et mykje og har høgt blodtrykk.

Litt etter litt blir bilda av desse to bygde ut. Ho er ei litt tafatt mor som ikkje heilt finn ut av korleis middagssamtalar ikkje blir kleine, eller korleis lage noko anna enn spagetti med kjøttsaus. Sonen var open og skravlete då han var liten, no er han blitt ein distansert ungdom, det plagar henne. Det kjem fram at ho sjølv ikkje har nokon enkel bakgrunn. Ronny røper at han har løyndomar, men fortel han heile sanninga? Til sist tar handlinga ei vending som gjer at eg ikkje kan gjengi meir.

Spørsmål romanen reiser, er: Kor langt kan ein gå for å beskytte sitt eige barn? Kva skal til for å gjere seg fortent til respekt som forelder? I kva grad har søner og døtrer eit ansvar for å komme foreldra i møte?

Arne Svingen, som har eit omfattande forfattarskap, i hovudsak retta mot barn og ungdom, bak seg, er ein forfattar med særlege evner til å skrelle vekk alt unødig. På aristotelisk vis set han lupa på nokre få personar og eit avgrensa miljø og tidsrom. Både personane og handlinga blir utvikla gradvis.

Gjennomtenkt

Til tider kan det bli spennande inntil det komiske. I dette grenselandet er det som om Svingen leikar seg med farsen, ein sjanger med overdrivingar og hysteri. Mot slutten kan det derimot bli for mykje opprullande prat mellom mor og son, her skulle eg ønske Svingen hadde halde fastare i taumane. Men elles er romanen velkomponert, med eit gjennomtenkt plot, han har ikkje irrelevante sidespor, og heller ikkje eit for trongt univers.

Språkleg er Svingen ein ganske rett fram realist, med presisjon som si sterke side. I tillegg representerer han ein god rytmeseksjon for eige stoff, der språket alltid flyt godt, om det er korthogd eller meir utstrekt. Av og til slår han også til med fine bilde, som i dette nesten Lars Saabye Christensenske: «Nøling er pa° en ma°te nervenes irriterende avkom.»

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til tider kan
det bli spen­nande inntil
det komiske.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis