Bok
Rasling med hovudskallar
Antologien har eit personleg og ikkje representativt utval dødsdikt.
Anne Østgaard er forfattar og gravferdsstalar.
Foto: Guri Cathrin Pfeifer
Kanskje ligg dødsdiktet ekstra nær diktekunsten, all den tid eit dikt ofte påkallar det fråverande. Iallfall spenner dødsdikta i gemytt over eit like breitt register som andre moglege dikttema og kan svinge frå det humoristiske til det alvorlege. På omslaget til diktantologien er det lista opp ei rekkje adjektiv, og dersom dei er meint å skildre karakteren til dette utvalet, så strekar dei under, orsak det paradoksale uttrykket, dei lettliva, absurde, humørfylte aspekta.
Utvalet teiknar ei line frå Dorothe Engelbretsdatter til Anne Kleiva, men her er også plukka dikt frå den vestlege lyrikken, hovudsakleg frå fransk og engelskspråkleg lyrikk. Charles Baudelaire og Robert Burns er representerte, og det seier noko om aksen humor og alvor som her er på gang.
Antologien er slett ikkje meint å vere representativ, utvalet verkar meir motivert av eit personleg ønske om å syne fram éin type dødsdikt, inkludert nokre avstikkarar. Lars Saabye Christensen er godt representert. Det er også antologiredaktøren Anne Østgaard sjølv.
Når det kjem til den yngre samtidslyrikken, er utvalet spinkelt. Caspar André Lugg er med, og det er flott, men kor er til dømes Erlend Nødtvedt eller Anne Helene Guddal? Denne lista kunne ha halde fram, men éin plass måtte sikkert Østgaard setje foten ned.
Østgaard skriv at vekta ikkje er lagd på å trøysta, men hevdar at desse dikta kan gi lesaren «større fortrolighet» og «nyansere sannheten om døden». Ein vert heilt sikkert klokare, men det humoristiske livssynet og raslinga med hovudskallar som har fått hovudsetet i antologien, kan også ufarleggjere og skape auka fråstand. Ironien og humoren er ein retorisk forsvarsstrategi.
Ein antologiredaktør står i ein unik posisjon til å gjere noko originalt, grave fram nye dikt eller setje dikt eller eit tema i eit nytt og overraskande lys. At redaktøren har eit blikk for barnelitterære dikt, med dikt av Zinken Hopp og Halfdan Rasmussen, representerer ein slik freistnad, og det styrker boka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.