Randsoner i sentrum av ein syngjande sentrallyrikk
Knut Ødegård tek oss med inn og ut av sorg og omsorg.
Sidan debuten i 1967 har Knut Ødegård gjeve ut 14 diktsamlingar og ei rekkje attdiktingar av utanlandsk, særleg islandsk, lyrikk.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss / Cappelen Damm
DIKT
Knut Ødegård:
Sirkusdirektøren og andre dikt
Cappelen Damm
Diktbundelen til Knut Ødegård består, slik tittelen ber bod om, av enkeltdikt, men fleirfaldige trådar tvinnar seg gjennom diktboka: reisa, omflakkinga, det rørlege og rastlause. I denne diktboka, som svingar innom så ulike lagnader og levde liv, som spinn seg inn i gløymsle, minningar, vind, regn og snø, vert det uttrykt slik: «Vi eig vår heim på veg mot noko anna.»
Dikta har ymse tema. Ei jente vert utsett for overgrep. Her finst dikt om NS-barn, einsemd, ei syster som har Alzheimers sjukdom, om barnløyse, eit barn med Downs syndrom og vanlagnaden til taterane. Andre dikt manar fram ei verd på kanten av undergangen. Temavifta er stor. Felles er at dikta handsamar sårbare liv, syner dei fram og gir dei verdi.
Einskap i motiv
At Ødegård evnar å bøye sprikjande emne inn i ein motivisk einskap som forplantar seg i dikt etter dikt, som spissar og spreier dikta, er imponerande fint gjort. Ta orda «inn» og «ut», som gjer nedslag i mange av dikta: Dei er usynlege, uskuldige preposisjonar, men dei skapar rom, teiknar opp rørsle, gjer at det svingar. Orda ser også ut til å inngå i ein større poetikk som ikkje er av høgttravande merke: I diktet «Rolf Jacobsen», der eget står fram som lyttande elev, formulerer den eldre diktaren ein poetikk som Ødegård gjer til sin: «dér ligg diktet og dirrar, i utkanten/ av blikket».
Lyrisk samanheng
To kortdikt rammar inn samlinga. Båe har klokka som motiv. I opningsdiktet høyrer me at idet klokka kling, går ein mann «inn i skriftestolen», og «ut av buret/ flyg ein fugl». I epilogdiktet er situasjonen motsett, mannen går «ut av skriftestolen», og «inn i buret/ flyg ein fugl». Ser ein klokkeslaga i høve til pendelrørsla kolven gjer, er det fyst når pendelen er ytst ute i bogen og dunkar mot slagringen, at klokka gir lyd frå seg. På veg inn att, mot sentrum, kjem ingen lyd, eventuelt berre etterklangen.
På same vis byrjar dikta fyrst å gi lyd, å syngje, når dikta møter desse eksistensane som finst lengst ute, i utkanten. Slik vert det livet som ikkje er integrert i eller respektert av samfunnet, falda inn i den indre, sentrallyriske samanhengen. Enkeltdikta i samlinga veks i tyding, ganske enkelt fordi dei inngår i ein større lyrisk samanheng som denne boka så suverent etablerer.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Ødegård evnar å bøye sprikjande emne inn i ein motivisk einskap, er imponerande fint gjort.
Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.