Ramme alvor
Debutromanen til Halvard Hølleland er ei storslått vandring gjennom by og mann.
Halvard Hølleland er fødd og oppvaksen i Oslo, statsvitar og politisk rådgjevar for byrådsleiar Raymond Johansen.
Foto: Julie Pike
Roman
Halvard Hølleland:
Faste rammer
Gyldendal
Jan Otto Smith er lektor ved Oslo katedralskole. Han underviser i historie og samfunnsfag og tar av og til vikartimar i religion og etikk. Han bur på St. Hanshaugen og går kvar dag ned Ullevålsveien til jobb. Han har òg andre ruter og rutinar som nitid blir gjennomgått for lesaren. På kvardagar har han eitt (sett med) opplegg, i helgene eit anna. Han går ofte og gjerne innom kafear og restaurantar for ein matbit og/eller noko å drikke. Drikk han øl, startar han alltid med eit snitt, som det heiter i Oslo, som svarer til 250 milliliter.
Han handlar feinschmecker-mat på delikatesseforretningar. Han går på museum, men helst dei gamle, klassiske utstillingane, då blir han ikkje overraska. Han går i bokhandlar og på antikvariat, alltid på jakt etter bøker som kan utvide fagkunnskapen hans, og som han kan flette inn i det langt på veg sjølvtilverka undervisningspensumet. Han er stolt av jobben sin; «jeg var blant ytterst få utvalgte som var utrustet med et samfunnsmandat til å definere hvilke verdier og kunnskaper som skal prege denne generasjonen, ja, ikke bare generasjonen, men landet slik denne generasjonen kom til å kjenne landet sitt.»
Visse og tvil
Samstundes er det noko litt skrudd ved han, som skapar ein lett distanse mellom han og kollegaer, overordna og elevar. Han har ein snev av både Ingvar Ambjørnsens Elling og Dag Solstads Elias Rukla over seg, sjølv om han er ein høgst original – og ikkje fullt så skrudd – romanperson. I bakgrunnen ligg ein mogleg genetisk disposisjon for ein fatal sjukdom; det er den som har tvinga Jan Otto Smith inn i alle rutinane, alle dei «faste rammene», som tittelen viser til. Legen har sagt at om han gjennom ein test finn ut at han er disponert for sjukdommen, kjem han før eller sidan til å utvikle han, og før eller sidan miste kontrollen over seg sjølv. Men han kan forseinke prosessen ved å ha innarbeidde rutinar på førehand. Så er det jo det å bestemme seg for om han vil ta testen i det heile.
Vissa om, og tvilen kring, alt dette gjer det ikkje enkelt for Jan Otto Smith å inngå nære relasjonar, spesielt ikkje til kvinner. Dei har krav på å vite at han kan bli alvorleg sjuk, og det har vist seg i alle fall éin gong å vere ein turn-off. Men som alle andre opplever jo Smith å bli forelska, å kjenne håp, å bli barnsleg energisk. Det er berre det at han ikkje kan tillate seg å leve berre i augneblinken. Det er smerteleg for både han og lesaren.
Kunnskap
Romanen er ei vandring i hovudpersonens rike indre liv og i den mogleg ventande tragedien som er med på å forme det. Han er ei vandring i Oslos rike historiske liv, gjennom hovudpersonens imponerande kunnskap om bakgrunnen for gatenamn, om bygningar og plassar, om menneske som har påverka historia. Altså er det til sjuande og sist Hølleland, som sjølv er statsvitar og politisk rådgjevar, som framstår som kunnskapsrik.
Han har skrive ei både lågmælt og storslått forteljing om djupt menneskelege problemstillingar, akkompagnert av store mengder kunnskap som lesaren på humanistisk vis får «gratis».
For meg kjennest det storarta. Hølleland skriv nøkternt, men med varme, og med humor, som i den kostelege scena der Jan Otto Smith brukar ei lita æve på å avgjere om han skal skrive under på eit kort med «Jan», «Jan Otto» eller «Jan Otto Smith». Det er plass til fagleg diskusjon og kamp mot skulebyråkratiet også, når Smith får engasjere seg i kampen mot fast arbeidstid for lærarar. Faster rammer er ein romandebut som er langt forbi heilstøypt.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Altså er det til sjuande og sist Hølleland, som sjølv er statsvitar og politisk rådgjevar, som framstår som kunnskapsrik.
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.