Presisjon ved surrealisme
Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.
Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.
Foto: Anna Rezulak
Forteljingar
Weronika Murek:
Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode
Omsett av Agnes Banach
Meteor Forlag
Ei kvinne veit ikkje at ho er død, men vandrar ikring på rein trass. Ein avliva hund kjem tilbake to månader seinare. Ein kosmonaut kan kanskje snakke med dei døde.
Ei barnestove med eige sanitetsteater rommar ein gut som ikkje er likt av dei andre barna fordi han er eit kjøthovud. Ein godseigar har tilsett «åndssvake» for å jobbe i potetåkeren hans. Det er ein heilt vanleg dag i Polen.
Det er det sjølvsagt ikkje, men det kjem eg tilbake til. Då eg opna boka til den polske prislønte forfattaren Weronika Murek, Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode, blei det raskt klart at dette universet ikkje er rett fram. Forfattaren kallar dei sju tekstane «forteljingar», og eg plasserer dei i ei blanding av realisme og absurdisme. Døden er ein gjengangar (!) og oppfører seg sjeldan slik vi meiner døden skal gjere.
Gud går ned trappa
Ein av titlane kan vise dette: «General Sikorskis tredje jordfestelse, denne gangen med pledd». Gjennomgåande oppfører ikkje språket seg heller, men sender oss på uventa assosiasjonsvegar eller lèt som «god dag, mann, økseskaft»-vendingar:
«Gud begynte langsomt å gå ned trappa. Hun hørte en klar lyd, etterfulgt av et hult dunk – den andre foten slepte etter.
’Jeg er ikke død ennå.’
’Kan du reinlender?’»
Bakteppet for forteljingane er Polens historiske erfaring med krig, kommunisme og katolisisme – noko omsetjaren Agnes Banach greier ut om i eit lærerikt etterord. Etter mine omgrep er også sjølve omsetjinga godt og samvitsfullt utført – og apropos dagens krisestemning blant omsetjarar: Ikkje alt kan overlatast til KI.
Tilbake til påstanden om «ein heilt vanleg dag i Polen»: Banach skriv at ein gjerne tenker på Mureks tekstar som «magisk realisme», men «Neida, vi er bare på bygda». Etter hennar oppfatning skil den polske landsbygda seg sterkt frå byane, og ho meiner Murek treffer litterært den same kjensla Banach sjølv får når ho reiser til det andre heimlandet sitt.
Eg ser kva ho siktar til: eit flimmer mellom notid og fortid, eit spenn mellom overtru og kvardagsforståing, eit pågåande limbo. I det lyset er det klart at dei døde trår ut av kategoriane sine. Lesaren står i sitt eige limbo; tekstane kan opplevast som både krevjande og inviterande, som uhyggelege – og humoristiske:
«’Jeg må lære meg å lese noter’, sa hun uten å se opp.
’Å?’ sa han fort. ’Hvorfor det? Kan man bruke det til noe?’
’Alt mulig’, sa hun.»
Teatrale verkemiddel
Weronika Murek er òg dramatikar, og forteljingane ber preg av at dei kunne vore skrivne som utkast til teater. Personane snakkar saman, forbi kvarandre, dei er gjerne fleire i ein samtale – og ofte kjem ein «etterslengar» av eit svar på eit spørsmål som blei stilt for to sider sidan. Nokon har stått og tenkt i mellomtida.
Av og til er skildringar som scenetilvisingar å rekne: «De ble gang på gang dekket av skygge, som om de snurret rundt og rundt.» Her ser ein for seg at personane sit på ei dreiescene. I forteljinga om mannen som løynt for kona går på Kafé Europa for å ete, drikke og danse og bli beundra av folk som står på andre sida av vindauget, er vindauget bokstaveleg talt ein «fjerde vegg», som i titteskapsteateret.
Boka til Murek gir ikkje ved dørene, og dette er kanskje ikkje boka ein tar med seg på ferie til Mallorca. Samstundes treng ein ikkje alpelue og raudvin for å lese ho heller.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.