Bok

Poetiske konstellasjonar

Gregers Lundh skriv meditative debutantdikt med biletlege kvalitetar.

Gregers Lundh er prest og musikar busett på Gjøvik.
Gregers Lundh er prest og musikar busett på Gjøvik.
Publisert

At Skyggen av et dikt av diktdebutanten Gregers Lundh faldar ut ei grunnleggjande kristen forståing der bibelske motiv og tematikkar går att, er heilt openbert. Her trer bibelske skikkelsar som Abraham, Jakob, Sara, Debora og Maria fram. Som religiøse meditasjonar freistar dikta å kome i kontakt med fenomen som skaping, den åndelege reisa og oppstoda.

Reinskrapt

Diktdebutanten skriv reinskrapte dikt, dei har få ord og mykje kvitt rom kring seg. Det gjer at orda ikkje kan skjule seg, og dei kan late bileta få blusse i fred: «lyset går i byger/ over vidder av mørke»

Det siterte biletet handlar kanskje ikkje fyrst og fremst om lyset, eller om mørket, men om storleikar: Vidde kjem av ordet vid, som indikerer omfang og storleik. Fyrst idet lyset kjem, får ein eit grep om omfanget til mørket.

Samanlikning er ein poetisk metode der ulike tydingar vert overførte gjensidig, og dikta i Skyggen av et dikt tematiserer nett konstellasjonen, jamføringa og relasjonen, anten det gjeld menneskas tilhøve til Gud eller religion versus vitskap, eller ved å kontrastere målestokkar: «Stort/ som et frø// liten/ som en galakse»

Tankevekkande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement