Poesiens doble heimstamn
Dan Andersen skriv kompromisslaus poesi og vene dikt.
Dan Andersen bur i Oslo og har gjeve ut fleire diktsamlingar.
Foto: Heidi Furre
DIKT
Dan Andersen:
Nedstyrtet poesi
Flamme Forlag
Tittelen Nedstyrtet poesi teiknar opp ein vertikal akse og gir signal om ein poesi som har falle, frå det himmelske til det jordiske, og som ber avstanden – fallet – i seg.
Og denne avstanden vert vent og gåtefullt uttrykt i bileta til Dan Andersen: «En tynn mørk kvist/ stikker ut fra himmelen/ slik dørene til noen roterom/ ikke lar seg lukke».
Frå evangelisten Johannes veit me at ordet var i byrjinga, og ordet var hos Gud, og ordet var Gud. Det finst ein språkmagi i skapingssoga, i form av: Bli lys! Idet det guddommeleg ordet vert til kjøt, har ordet falle og har heimstamn i to verder.
Den doble heimstamnen passar godt på metaforen, jamfør biletet over, som uttrykkjer at noko både er og ikkje er det det er.
Samklang
Det er òg eit kjennemerke på poesien, slik han kjem til uttrykk i Nedstyrtet poesi. Dikta seier noko om mennesket, verda og tilværet som berre kan seiast slik det vert sagt i poesien: «For hva skal himmelen med oss/ som trenger evigheten/ på å mestre ett enkelt sekund».
I møte med boktittelen tenkte eg på Per Olov Enquists kjærleiksroman Nedstörtad engel frå 1985. Somme motiv derifrå er i samklang med dikta. I romanen finst den doble heimstamnen på ulike nivå, særleg i det såkalla vanskapte mennesket Pinon, fødd med eit manns- og eit kvinnehovud.
Kvinnehovudet som sit oppå mannens hovud, lik ei hovudlykt på ein gruvearbeidar, kan ikkje snakke, berre syngje – vondt, mjukt, godt og kjærleg. Dei to hovuda er, på godt og vondt, fanga i einannan, skilde og foreina på same tid, nett slik ein kan sjå på eget sitt forhold til duet i desse dikta.
Menneskeleg
Kanskje kan ein også ane eit grunnleggjande poesisyn attom dikta, der poesien vert sett på som ein type utstøytt og monstrøst språk eller song som loddar dei eksistensielle yttergrensene for «å kjøpslå med det forvrengte», og som nett difor gjer at poesien ber noko djupt menneskeleg i seg.
Dan Andersen skriv korte og biletsterke dikt. Den verkelege styrken ligg i at dei vellukka bileta formulerer overraskande og vene innsikter og syn, som ein sjølv ikkje alltid maktar å forklare, men som ein gjerne vil forklare, ganske enkelt fordi forklaringsforsøket gjer lesaren menneskeleg.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dan Andersen skriv korte og biletsterke dikt.
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.