Bok

Poesien må gripast

Fyldig og godt utval av Björling på norsk

Gunnar Björling døydde i 1960, 73 år gammal.
Gunnar Björling døydde i 1960, 73 år gammal.
Publisert

Den finlandssvenske modernisten Gunnar Björling (1887–1960) vert rekna som fornyar av den modernistiske poesien. Sjølv om poesien til Björling kan verke framandarta, finst det klarleik, openheit og ikkje minst venleik i dikta hans: «Hund bykser glad/ gutt klyver fjell/ dag over jord/ jordens lys og høst».

Björlings dikt syner interesse for ordas lyd- og meiningspotensial, i tråd med fysikkens interesse for partikkelen, men ordatomet står likevel ikkje aleine. Det første som først slår ein, er den uvanlege handsaminga av språket, rytmen, kjensla av at språket på uhøyrde måtar bryt den vande grammatikkens reglar. Kva er hensikta? Ifølgje Poul Borum lærer Björlings dikt oss å oppleve betre.

Kjensler

Oppleving er eit nøkkelord. Opplevinga av lyrikken, også omverda, gjennom kjenslene, er viktigare enn den rasjonelle tilnærminga til desse fenomena. I det minste utfyller opplevinga og rasjonaliteten kvarandre i tilfellet Björlings lyrikk. I eit aforistisk kortdikt, der det heiter at «Livet er ikkje begripelig; det er til å gripe», gjeld utsegna like mykje for poesien: Han må gripast, ikkje berre forståast og tolkast.

Fleire har peikt på at dei tjue diktbøkene, frå debutsamlinga Vilande dag (1922) til Du går de ord (1955), utgjer éi strøymande poetisk dagbok. Kortdikta glir i kvarandre, slik diktbøkene også verkar å gli i kvarandre. Diktet er ein uavgrensa storleik. Hos Björling finst ein optimisme, ei glede over lyset og livet, ei tiltru til mennesket og omverda, som står i opposisjon det ytre livet til Björling, prega som det var av økonomiske problem.

Representativt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement