Bok

Poesi og sjukdom

Størksons dikt syner ein språkmedviten debutant som i nøktern stil skildrar sjukdom og samstundes leitar etter eit gyldig språk for det.

Cecilie Almberg Størkson er debutant.
Cecilie Almberg Størkson er debutant.
Publisert

Denne debutantboka opererer med ein tydeleg forteljande struktur. Ein kreftsjukdom har råka det unge eget. Frå dikt til dikt følgjer ein behandlinga og livsutsiktene slik dei endrar seg og fortonar seg for den sjuke.

Sjukdomen endrar på alt frå etablerte familierelasjonar til sanseinntrykk. Den nøkterne, eksakte og undrande stilen som pregar denne diktboka, søkjer også inn i sjukdomsårsakene på klinisk vis: «På bildet brukt for å illustrere dette/ ligg cellene alltid på ei bein rekke/ fint inntil kvarandre».

Allmenn soge

Sjukdomen er umogleg å identifisere seg med for den sjuke, sidan det verkar naturstridig å gjere det som øydelegg eksistensen til eit definerande trekk ved han. Dikta dreier seg om tap av rådvelde, om framandgjeringa gjennom byråkratiske rutinar og medisinsk terminologi. Slik er ikkje dette berre ei unik individuell sjukdomshistorie, ho skriv seg inn i ei kollektiv og allmenn soge fordi det ligg i lagnaden til den sjuke å bli allmenngjord og underkasta ein systematikk.

Men like mykje som utgreiinga, behandlinga og omkalfatringa av livet er i søkjelyset i dikta, reflekterer dei ope over språket som kontrollerer heile dette området, og som også råkar den sjuke. Dikta refererer til alt frå den franske tenkjaren Michel Foucault til den amerikanske poeten Anne Boyer, men utan at det vert til plagsam name-dropping.

Fint avdempa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement