JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Personleg rapport om SV

Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

7575
20240913
7575
20240913

Sakprosa

Steinar Stjernø:

De radikale 70-åra. Med SF og SV i medgang og motgang, 1967–2024

Svein Sandnes Bokforlag

«SV er litt av et parti, og har litt av et liv bak seg.» Slik opna Frank Rossavik boka si om partisoga i 2011, SV. Fra Kings Bay til Kongens bord, der han skildra rytmane av opp- og nedgang, brostne voner og større og mindre sigrar, fram til regjeringsdeltaking.

Stjernø framfører andre situasjonar. Tilnærminga er i starten nær og dels nærgåande, men utetter vert ho meir offisiell i preget – likevel slepp undringa til.

Ulikt så mange politiske memoarar finst her ikkje hemnmotiv, foruretta oppgjer, irriterte utfall. Det heile er ein sindig, personleg og overtydande rapport om livet i SV. Det syner seg at boka ikkje berre handlar om syttiåra og radikalismen då, men faktisk forfylgjer nokre spor av dei usemjene og uavklåra spørsmåla som reid heile den såkalla venstresida.

Entusiastisk kjerne

Utgangspunktet er forteljinga om ein ungdommeleg, entusiastisk kjerne av intellektuelt godt orienterte vener og kjende, med gradvis tilkommande nye deltakarar. Det heile startar på Oslo katedralskole med ein krins som gradvis tek opp nye medlemer, der ein del er eldre medlemer av SF, og der jamvel folk som var med på splittinga frå Arbeidarpartiet i slutten av femtiåra, etter kvart ikkje hadde så mykje å gjere.

Gruppa var lenge prega av seminaraktige ideologiske diskusjonar som skremde mange vekk. Stjernø kom frå ein hardt arbeidande innflyttarfamilie, det gjorde at han var meir oppteken av praktiske spørsmål. Men dei mange diskusjonane avslørte grunnleggjande usemjer, som låg der og forstyrra jamvel lenge etter at Sosialistisk Ungdomsforbund i 1968 vart omdanna til SUF (m-l). Her kom ein nærare midten av syttitalet fram til ei klår avvising av stalinismen og maoismen. Avklaringa av at ein ikkje kunne integrere NKP, stagga også dei fleste som ville sjå Lenin som leiestjerne, kan hende med unnatak av Vardøger-krinsen.

Inga dramatisering

Stjernø er ikkje den som dramatiserer. Vi fylgjer han i søkinga etter ei personleg forklåring på korleis (meir enn kvifor) SV vart som det vart. Vi får tak i nokre flikar av kva som faktisk var tankegrunnlaget i SV etter syttiåra. Var det «berre» meir radikalt sosialdemokrati og kritikk av dreiinga mot høgre i Ap frå 1981 av?

Etter den tid møter vi helst einskildaktørar, også i tida etter regjeringssamarbeidet frå 2005 av, til dømes Erik Solheim, Kristin Halvorsen og andre sentrale figurar i og utanfor regjering og parti.

Manglar avklaringar

Stjernø kjem seg unna ansvaret for ei slik vurdering ved fleire gonger å syne til at han jo var oppteken i sitt akademiske virke på den tida. Likevel får vi aldri ei skikkeleg avklaring av tre tilhøve. Det fyrste er spørsmålet om sosialdemokratisk ideologi, i SV, Ap og dei europeiske sosialistiske partia – vi får ikkje eingong ei samanlikning med Sverige. Derimot ser vi at så seint som i 1999 var Stjernø på ein europeisk kongress der han klårt forstod at mange rekna eurokommunismen som den tredje vegen. Men korleis dei tankane påverka politikken, får vi ikkje vite.

For det andre møter vi i liten grad spørsmålet om dei nye utfordringane som vert skapte av nyliberalismen, jappetida og den individualistiske mentaliteten som erstattar tidlegare kollektivistisk teori så mange stader, ikkje minst i arbeidslivet. Desse brota med syttitalets tydelegvis noko meir systematiske tenking, kan hende med nokre blinde flekkar, ser ut til å ha den verknaden på SV at politikken løyser seg opp i einskildområde som vert hjartesaker for einskilde personar og grupper.

For det tredje er framstillinga så personorientert at vi har vondt for å gripe endringane i strukturen i tenkinga i SV. Velferdsstatsforskaren og den akademiske leiaren fråskriv seg dermed ansvaret for å analysere utviklinga i helsestell og høgre utdanning. Det siste gjeld innføringa av nye styrings- og finansieringsordningar i helsestellet og høgre utdanning. Desse grepa vart dels vidareførte, dels innførte med SV i regjering. Eg undrar meg over at akkurat Stjernø ikkje tek opp dei temaa som Ivar Hippe skriv om i boka si frå 2021, Korstoget mot velferdsstaten. På innsiden av nyliberale tenketanker.

Kva vil du forklåre?

Det same spørsmålet eg gjerne stiller– liksom Stjernø har gjort, vil eg tru – til kandidatar som vil undersøkje ei sak, er: Kva vil du forklåre? Her er det uklårt om det er vonbrotet over at SV ikkje førte til meir endring, og gleid inn i eit mønster som støtteparti for Ap fyrst og fremst; det var viktigast å vere med i maktsfæren. Sluttorda om at vi framleis må i demonstrasjonstog, kan opplevast lett deprimerande, som om alle symbolhandlingane har vore meiningslause, eller også: Kva har vi eigentleg lært?

Stjernø tykkjest ikkje vere glad for somme av dei utanrikspolitiske kompromissa SV har gått inn på. Han har truleg grunn til det, sidan vedtaka framleis ligg der og verkar og forbyr open debatt. For å unngå partikrise i 1999, under debatten om bombinga av Serbia, laga ein eit kompromiss på vegner av partane i krigen på Balkan: Nato måtte stogge bombinga mot at serbarane heldt opp med etnisk utreinsking. Vel, i dag veit vi (mellom anna etter siste boka til Sylo Taraku) mykje meir om kor aktive norske styrkar var i denne utreinskinga.

Noko liknande får vi vite om Libya-vedtaket i 2011. Her legg Stjernø legg fram eit nytt fragment til forståing av prosessen. Men dei meir langsgåande prosessane om utanrikstenking får vi ikkje grep om. Der lever jo framleis i SV tillitsvalde med optimisme overfor Russland, som dermed er motviljuge til å hjelpe Ukraina – og dermed ber oppe tanken om at stormaktene har rett til å kontrollere sine interessesfærar.

Vi får i alle høve med oss at tre drivkrefter motiverte arbeidet i SV i starten. Det eine er engasjementet for utanrikspolitikken – som lenge stod fast i Nato-diskusjonane, men som etter kvart er utvida i mange retningar. Dei døma Stjernø sjølv gjev, ropar etter meir forklåring. Av seksbandsverket om norsk utanrikspolitikk gjennom tidene har vi jo lært at utanrikspolitikk i Noreg alltid er styrt av innanrikspolitiske haldningar og saker. Hjå Stjernø ser det ut til at dette også stemmer godt for SV. Kva han meiner om dette, får vi ikkje vite.

Intellektuell diskusjon

Ei anna stor drivkraft er viljen til intellektuell diskusjon, heilt frå sekstitalet og framover. Det kan vere like godt at vi stort sett har lagt «dei store teoriane» attom oss, og at marxismen for SV berre er eit veikt minne. Men då har ein gjerne ei plikt til å drive vidare dei meir konkrete analysane.

Men heller ikkje hjå Stjernø ser vi nokon diskusjon om kva SV har vore med på i energipolitikken, som er i ferd med å omforme heile statsstyringsmodellen vår, eller andre store spørsmål sidan SV gjekk inn i regjering den gongen.

Steinar Stjernø er openbert tilhengjar av ein langt meir menneskeorientert politikk enn han observerer ikring seg for tida, men han gjev ingen råd til SV eller andre om kva som bør gjerast. Slik sett gror boka hans fram som ein syttitalsaktig protest, ikkje berre eit sårt spørsmål, til den utviklinga han har observert.

Stjernø er klarare enn mange andre 68-arar som har skrive om SV og livet sitt i partiet. Vi som vart elevar av 68-arane og sette mange av dei høgt, har kan hende vore litt brydde av at dei sjeldan har gjort greie for seg.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis