Bok
Partsinnlegg om Lie og Israel
Odd Karsten Tveit skriv om korleis ein generalsekretær braut FN-statuttane for å hjelpa sionismen.
Odd Karsten Tveit er utdanna samfunnsøkonom, med oljeøkonomi som spesialitet, noko han praktiserte først som forskar, dinest som NRK-medarbeidar, med tre bøker om emnet. Så vart han utanrikskorrespondent i Midtausten frå 1978 til han vart pensjonist. Det har resultert i sju bøker om dette området, medan han sjølv har budd i Amman, Beirut, Kairo og Jerusalem. No har han kome med nok ei bok – denne gongen ein biografi om FNs første generalsekretær Trygve Lie. I alle fall kan tittelbladet tyda på at boka er ein biografi. Gudfaren gjev sterke assosiasjonar til tre særs kjende mafiafilmar, slik at vi ventar ei generell framstilling av Lie i ei mafiabossrolle.
Men boka syner snart at dette er ei (unødvendig) mistyding. Lie hadde aldri den makta og dei underdanige klientane som ein mafiaboss skal ha. Snarare vart han generalsekretær tilfeldigvis og på stormaktenes nåde. I staden vert det heilt til sist i boka gjort klårt at Tveit brukar ordet i den andre tydinga: om ein som er til stades ved ein dåp, med løfte om å hjelpa barnet, i dette tilfellet som «Israels gudfar».
Ingen biografi
Så dette er ikkje ein biografi om Lie, men Tveits åttande bok om Midtausten. Ho handlar primært om korleis Lie, medan han var generalsekretær i FN, bidrog til etableringa av den israelske staten. Av dei 370 sidene brukar han berre dei 50 første på å fortelja om Lies liv fram til 1945, og dei siste 70 om Lies liv fram til han døyr i 1968. Båe desse delane kunne ha vore kutta ut. Dei første av di dei er temmeleg overflatisk oppsummerande. Dei siste av di Lie sjølv ikkje var særleg viktig etter avgangen frå generalsekretærstillinga.
Undertittelen er likevel eintydig nok. Boka handlar ikkje berre om korleis Lie var ein Israel-hjelpar, men om korleis han var det ved generelt å svika FNs statuttar. Ifølgje Tveit var det urettvist at FN oppretta Israel. Og dette kunne skje ikkje minst takk vera at generalsekretæren sjølv hadde ein urettvis karakter. Dette er hovudtesen til boka.
Karakterdrap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.