Bok

På litteraturhistorisk hemntokt

I kampen for å gi forfattaren Jens Tvedt ein rettkommen (?) plass på parnasset går forfattaren til sterke åtak på litteraturhistorieskrivaren A.H. Winsnes.

Forfattaren Jens Tvedt (1857–1935) vart fødd i Kvinnherad, var bibliotekar i kommune­biblioteket i Stavanger frå 1901 og fekk kunstnarløn i 1912.
Forfattaren Jens Tvedt (1857–1935) vart fødd i Kvinnherad, var bibliotekar i kommune­biblioteket i Stavanger frå 1901 og fekk kunstnarløn i 1912.
Publisert

Litteraturvitaren og målmannen Anders M. Andersen har sett seg føre å hente fram frå gløymsla sunnhordlandsforfattaren Jens Tvedt (1857–1935) og atterreise han til den posisjonen han hadde i si eiga levetid. Dette gjer han dels ved å presentere analysar av seks Tvedt-bøker, dels gjennom eit drepande åtak på litteraturhistorieskrivaren A.H. Winsnes, som etter Andersens meining sytte for at Tvedt vart «mana i jorda».

Slik Andersen les Tvedts forfattarskap, har Winsnes og ettertida feilplassert Tvedt «i den tvilsame kategorien heimstaddikting». Som vi veit: Med dette stempelet i panna kjem du aldri inn i parnasset. Det Andersen freistar få fram – og som samtidas kritikarar såg – var at Tvedt slett ikkje var nokon heimstaddiktar. Rett nok kunne handlinga i bøkene hans vere plassert i Hardanger og Kvinnherad, éin stad skal det jo skje (berre spør Jon Fosse!), men poenget hans er at dei tematisk hevar seg over det lokale og at Tvedt i stil og menneskeskildring heldt eit heilt anna nivå enn dei ein ønskjer å trykkje ned som heimstaddiktarar.

Frie kvinner

Eit viktig moment i framstillinga er at kvinnene i Jon Tvedts noveller, forteljingar og romanar er frie i eit ufritt samfunn, medan andre forfattarar, samtidige og tidlegare, skildra kvinna som ufri. Dei sentrale kvinneskikkelsane hos Tvedt kan vere offer for sosial uforstand eller mannleg overgrep, men den viktige skilnaden er at dei ikkje blir ståande i offerrolla. Dei reiser seg og blir handlande subjekt. Har ei kvinne hamna «i ulukka», er det ikkje ein annan mann som skal reise henne opp att og gjere skamma mindre. Det er gjennom eiga aktiv handling ho vinn respekt og ein sjølvsagt plass i samfunnet – utan at dette blir idyllisert.

Forfattaren syner korleis tidas rådande kritikarar – Carl Nærup, Christopher Brinchmann, Hans E. Kinck, Arne Garborg, Hjalmar Christensen, svenske Ola Hansson, tyske Richard Steffen – vurderte Tvedt som ein av dei fremste her i landet. Fleire litteraturhistorieverk vitna likeins om Tvedts meisterskap. Men så, i 1937, kom femte bandet av Bull og Paasches Norges litteraturhistorie, som A.H. Winsnes skreiv. Det snudde om på alt.

Ifølgje Andersen nyttar Winsnes her litteraturen som reiskap i ein større åndskamp, ein ideologisk stillingskrig der det naturalistiske og dogmatiske står mot det åndelege og religiøse. Her er naturalismen truleg det næraste ein kom Dyret i Openberringa. Ikkje berre Tvedt blir råka, men også Arne Garborg og Amalie Skram. Så kan ein spørje kvifor dei to andre «overlevde» Winsnes, men ikkje Tvedt. Det drøftar ikkje Andersen. Derimot tek han eit heftig oppgjer med heile omgrepet heimstaddikting, som han med noko rett kallar eit «nazi-omgrep».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement