På innsida av lyset
Det er ei glede at ei heil samling av poeten Guillevic er gjendikta til norsk.
Den franske poeten Eugène Guillevic (1907–1997).
Foto: New Directions
Dikt
Eugène Guillevic:
Lysninger. Dikt 1973–1980
Gjendikta av Charlotte Vaillot Knudsen
Cappelen Damm
Det ligg føre fleire dikt og utval av den franske poeten Eugène Guillevic (1907–1997) på norsk, både Geir Pollen, Finn Øglænd, Anne Birgitte Rønning, Jo Eggen og Arvid Torgeir Lid har gjendikta Guillevic. Fram til gjendiktinga av Lysninger. Dikt 1973–1980 har ikkje ei heil samling vore gjendikta. Det er fint at så no er gjort, for slik blir det fornya merksemd om ein lyrisk forfattarskap som verkeleg fortener det.
Guillevic er naturlyrikar. Grafisk er utsjånaden til dikta iaugefallande, dei verkar ekstremt skrapa, eksakte, og enkeltord eller korte sekvensar står fram som språklege destillat, med mykje luft og rom rundt seg. Ein får kjensla av at orda er objekt lagde ned framfor lesaren og poeten. Og Guillevic ser på diktet og poesien som noko i sin eigen rett, ikkje som eit medium som formidlar kjensler eller det indre. Og fordi dikta er meiningsobjekt, er lesaren og poeten inkluderte i dei.
Guillevic opponerte mot surrealismen, han var ein poetisk realist som såg på poesien som noko som gjer det mogleg å leve det konkrete. I ei intervjubok seier han at poesien er det som gjer at me kan halde på med å halde på. Dette å halde på er jo i grunnen eit forhold, heilt konkret, for om ein held, så grip ein mot noko anna, og slik grip dikta inn i ulike samanhengar – som er samanhengen til diktet.
Dikta «Skrik» og «Latter» syner godt korleis Guillevic nett ser både skriket og latteren som forhold. Latteren blir til noko ikkje-essensielt, mangfaldig, variert. Latteren er slett ikkje berre unikt menneskeleg, for «Noen ganger skrattes det/ I alle fibriller».
Kunsten skal jo halde på med det unike og det eineståande. Æva hos Guillevic er derimot noko som er i forandring, for berre som skiftande og foranderleg kan æva stå i forhold til mennesket, elles vil det «Trekke nedover,// mot et sted utenfor/ Enhver geografi».
Guillevic skjerpar erfaringsmerksemda, og når dikta bevegar seg på grensa av den, oppstår det liner som også grundar over det som ikkje finst, og som påkallar filosofisk undring: «Se/ Tvers gjennom/ Det som kan sees». Og i linene rett etter ser ein korleis sambandet mellom naturen og mennesket finst: «Hvis du gråter/ Kan jeg forstå det,// Jeg er vant/ Til doggen».
Å gjendikte Guillevic må vere krevjande, sidan enkeltorda har slik vekt, og her er det ikkje berre meiningssamanhengar ein skal omskape til norsk. Uansett er eg nøgd med å sjå at Lysninger er komen på norsk, og det er nesten som ein merkar gjendiktarens glede over å ha oppdaga Guillevic.
Guillevic er både fascinerande enkel og vanskeleg å lese, også for ein røynd lesar. Det handlar mest om at det gjeld å fri seg frå å sjå på omgrep og ord som uforanderlege og faste, og at ein er så grodd inn i kategoriske og ideale synsmåtar at ein ikkje evnar å vere her og no, i diktet. Guillevic er ei øving, ikkje ei avhandling.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.