JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

På hyttetur med seg sjølv

Marianne Teie gir oss ein morosam, mørk og rørande studie av eit djupt plaga sinn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marianne Teie har tidlegare gjeve ut to diktsamlingar.

Foto: Jorunn Greiff Solli

2883
20220211
2883
20220211

Roman

Marianne Teie:

Dama til Rune

Cappelen Damm

Dama til Rune har reist på hytta for å kome vekk frå Rune. Ho treng ein pustepause. Ho har ikkje sagt ifrå om kvar ho er, men då mannen og søstera skjønar at ho er på Sjusjøen, gjer ho ikkje noko forsøk på å innbille dei noko anna. Ho tar berre ikkje alltid telefonen når Rune ringer.

Kjem aldri til butikken

Dama til Rune har meir enn nok med å takle dei to menneska som er på hyttene rundt henne – hundemannen (som har hund), og hallomannen (som ein dag kom og sa hallo). To menneske er ein heil flokk for folkeskye damer. Det er kosteleg å følge alle banene hovudpersonen tar for å sleppe å møte folk. Det resulterer som regel i at ho ikkje kjem seg på butikken, som var planen, for på hytta er det berre knekkebrød og sukker, dessutan manglar ho undertøy etter ei hovudlaus pakking.

Ho har større talent innan andre felt, som å sove og vere tiltakslaus. Vi skjøner at ho har hatt ei brokete arbeidsfortid og no er trygda. Etter kvart som ho tenker tilbake på si eiga historie, blir det klart for lesaren at det utilstrekkelege, og det eigenarta ved henne, kan ha si forklaring i oppveksten. I alle fall har den distanserte faren og den mentalt ustabile mora sett sine spor.

Barnsleg stemme

Marianne Teie skriv om hovudpersonen med varme og forståing, men òg med ironi og humor. Det er lett å få sympati med den trassig-stakkarslege dama, det er òg lett å bli særs uroa av hennar stadig meir destruktive og antennelause påfunn.

Teie har gitt dama til Rune eit språk som til tider verkar barnsleg, noko som bidrar til kjensla av at ikkje alt er som det skal med henne, eller at noko har stoppa opp ein plass i utviklinga: «Jeg liker ikke når hun husker mer enn meg, men det gjør hun stadig. Hun sier at sånn er det å være eldst. Jeg sier at det er det sikkert, men jeg liker det ikke likevel. At hun vet mer. Når vi krangler, så hender det hun sier at mamma ikke ville likt det jeg sa eller mente, og jeg kan ikke si det motsatte.»

Tilbakeblikka avdekker ei fortid som blir verre og verre kvar gong lesaren får røpa ein ny bit. Det er ikkje det verste eksemplet, men hjarteskjerande å lese om ein spontan biltur den forstyrra mora kallar inn til, der knapt nokon får tid til å pakke, dei får ikkje med teltet og må sove i ein kald bil. På ein campingplass betaler mora berre for eitt barn, så søstrene må kle seg likt, lyde det same dobbeltnamnet og berre vere ute éi om gongen.

Marianne Teie har tidlegare gitt ut to diktsamlingar. Hennar første roman er blitt ein drivande, morosam, mørk og rørande studie av eit djupt plaga sinn. Eller to. Eller fleire.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Teie skriv om hovudpersonen med varme og forståing, men òg med ironi og humor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis