JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

På bar og blomerik bakke

Når Jo Eggen skriv dikt om himmelen, gneg dei på røtene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.

Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.

Foto: Stein Friis Hals

Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.

Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.

Foto: Stein Friis Hals

3458
20230818
3458
20230818

Dikt

Jo Eggen:

Islandske dikt

Aschehoug

Frå og med Stavkirkedikt i 2007 har Jo Eggen skrive ei rekkje såkalla reisediktbøker. Ramma for bøkene er reiser i land som Noreg, Irland og Sverige. I årets diktbok er Island reisemålet. Men Eggen fører ikkje ei vanleg reisedagbok, han er ingen historisk kronikør, han er poet, han er ein som seier frå, ein som seier ord: «diktet spruter ut av/ ordet».

Men dreg ein til Island, så kringsett av litteratur, legender, mytar, saga og dikt, er det vanskeleg å komme unna at stadene er djupt filtra inn i dette stoffet. Spørsmålet er vel kor ein startar og byrjar på nytt i villniset, slik landnåmsfolka gjorde – som var på veg bort like mykje som til noko anna. Utsynspunktet til dikta er likevel grunnleggjande her og no, i vår tid, slik ein ser i dei fem «Spøkelsesrim»-dikta som blant anna tek for seg nedlagd militærbase, tørrdokk og fiskemottak.

Uvanleg rik

Eggen byrjar den uvanleg rike diktboka så å seie på bar bakke, og slik Obstfelder gjorde i det kjende diktet, med å vende blikket mot himmelen. Det poetiske eget freistar sjå himmelen slik han er, men det er vanskeleg fordi staden er fylt av religiøse førestillingar, framtidsdraumar – litteratur. Det poetiske eget ser også «ingenting». Og ingenting er vilkåret for å skape litteratur. Samstundes speglar, skaper og legitimerer førestillingane som kjem frå ingenting – samfunna, sosiale og økonomiske hierarki.

Desse førestillingane er ustabile og motseiingsfulle, for når me i diktets andre del høyrer at «Regn! plutselig har himmelen tyngde», så blir ein ført ned i «himmelkjelleren», til trælkvinnene Fenja og Menja. Dei drog den store kverna som mol gull, fred og lykke for kong Frode, men fordi han dreiv dei for hardt, kverna dei ulykke over han. Seinare set kong Mysing dei til å male salt. Dei mel så mykje salt at skipet søkk. Vel forklarar ein her kvifor sjøvatnet er salt, men like mykje finst opprør og omkalfatrande kraft.

Brå kast

Trass i alle storslegne mytar og historie og den hierarkiske aksen dveler Eggen ved bakken, torva, graset, teppet og blomane, ved «sveve, marikåpe som rykker fram/ som budbringere for den eldgamle trassen// alle imperier vil møte». Og kanskje er balderbrå i ei særstilling: Blomen har namn frå dikteguden Balder og tyder Balders augebryn, «en blomst så hvit at den sammenlignes med Balders bryn». Ja, for det handlar om å sjå i desse dikta, men å sjå er også å sjå blikket som ser Balders bryn.

Blikket i Islandske dikt er prega av dei brå kasta sine rytmar, av høg fart som vekslar med det langsame og slyngjande, av at poeten følgjer orda idet dei forgreinar seg inn i motsetnadene sine. Dikta her har fleire polar, ein kan seie at dei svingar seg frå opprøraren og den fredlause Grette til opportunisten Egil Skallagrimson.

Desse dikta verkar nesten grense- og formlause, slik himmelen også berre er skiftande fargar og sjatteringar for augo. Så står det også at diktet har den eigenskapen at det «glir under sperretau videre». Dette er forunderleg rikt og forunderleg dikta. Ein kan til dømes følgje eit motiv på tvers av dikta, som «det vanlege» som kjem att på boksidene, lik eit spøkjelse: «den vanlige er et spøkelse/ blafrer, borte/ holder deg fremmed i sine hule hender».

Islandske dikt er opne og luftige som grasvollen og tette som torv.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis