Bok
Øving i nærvær
Casper André Lugg er ein samtidspoet verd å lytte til.
Casper André Lugg har gjeve ut fleire diktsamlingar sidan debuten i 2011.
Foto: Tiden
I samlinga Sted for løpende hjerte tek Casper André Lugg i bruk eit breispektra formspråk. Ein finn her formeksperiment som gjer det klanglege og det visuelle uttrykket tydeleg. Paradoksalt nok er dei skriftlege avsetningane av dikta på boksidene knappe, noko som kanskje gjer tolkingsrommet dess større.
Fleire av tekstsekvensane har vore publiserte tidlegare, men får her fungere i ein ny tekstsamanheng. Dikta dreiar seg om mennesket og naturen, om arbeid med hendene, interaksjonen mellom oss og naturen og forminga av han. Dikta står fram som ei oppøving i nærvær.
Ramme
Sekvensen «Dike» består av sanseinntrykk knytte til ein stad som ligg på grensa mellom natur og menneskeskapte omgivnader. Tekstane er sette opp i sperra skrift, den ytre forma på dei er nærmast kvadratisk. Dei etterlèt eit strengt inntrykk og kan illudere eit gjerde, ei hindring.
Grafisk kan tekstane minne om ein biletleg representasjon. Eit dike representerer også ei ramme, ein jordvoll som held vatn ute frå landstykke som ligg lågare – og som alltid er truga av katastrofen, flaumen.
Eit bilete held noko innanfor ramma, men hindrar også at noko slepper inn i biletflata. Bilete avgrensar. Eit bilete handlar også om proporsjonar, storleikstilhøve, dei forstørrar, forminskar og fordreier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.