Orda slynger seg rundt tidsaksen
Meisterleg er det sikre anslaget i dikta, men like fullt bør ein akte på den overrumplande sluttlina.
Lars Saabye Christensen debuterte med ei diktsamling i 1976. Denne fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for.
Foto: Magnus Stivi
Dikt
Lars Saabye Christensen:
Arnardos dør
Cappelen Damm
Sjølv om Arnardos dør av Lars Saabye Christensen ifølgje forlaget har blitt til over tid og dikta stammar frå ulikt hald og periodar, er det ein tydeleg konsistens her. Ikkje slik at dikta er til forveksling like, men i måten dei er bøygde og forma. Med ei gjennomgripande språkleg haldning og eit samla syn på verda talar dikta saman og fyller kvarandre ut. Likevel er dette framfor alt ei diktbok der enkeltdiktet står fram.
Tid
Tematikk og motiv er i hovudsak, vil eg tru, alt kjende frå forfattarskapen. Utan at eg kan skilte med belegg frå ein empirisk frekvensanalyse, synest eg eitt motiv peikar seg ut i Christensens forfattarskap uansett sjanger, nemleg forholdet til tida, anten ho går, har stansa eller definitivt er forbi. Arnardos dør representerer i så måte ikkje noko unnatak i forfattarskapen, tvert om, nesten kvart dikt snor og viklar orda sine rundt tidsaksen, til liks med titteldiktets avsluttande liner: «Det er døren for oss som ennå ikke vet/ om vi kommer eller bare går». Og sjølv forfattarens energiske ferd blir stogga av den besjela og tolsame tida i kortdiktet «Påminnelse»: «Tiden tok meg til side/ og sa: ta det med ro, Lars/ Du kan uansett bare bruke/ ett par sko// om gangen».
På hovudet
Ofte grip dikta fatt i ståande vendingar, i etablerte bilete og gjengse seiemåtar. Raskt blir desse utsette for språklege utdjupingar, ironiar og modifiseringar som snur verda eller seiemåten heilt eller delvis på hovudet, i det minste på skakke, i ein slik grad at ein undrar seg kvifor ein vel slike talemåtar utan å tenkje over det: «Livet ligger ikke foran deg/ I hvert fall ikke hele tiden/ Da må du tro om igjen/ Livet går helst ved siden av».
Slik kan eit dikt bore seg vertikalt gjennom språkoverflata og nedover ved å halde fast i skjelettet av det eine biletet det starta med, og slik landar også linene frå det siterte diktet, til slutt, innafor sin eigen bilethorisont: «Livet holder stort sett følge// Som en skiløper i altfor stor anorakk».
Nett fordi dikta så å seie tek utgangspunkt i normalspråklege seiemåtar og gjerne vender seg direkte til lesaren, ligg dei oss nært og er mottakelege for lesaren, som blir nysgjerrig og gjerne flirar og nikkar anerkjennande undervegs. Meisterleg er det sikre anslaget i dikta, men like fullt bør ein akte på den overrumplande sluttlina. Så kan ein også, i løpet av eit dikt, støyte på eit eller fleire epigram, slåande fyndord, aforismar og sitatvenlege sentensar som fangar ei kritisk innsikt, slik som her: «Da mennesket også var overflødig, ble alle kunstnere».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.