Bok

Optimisme på sitt beste og verste

Hans Rosling har rett til han tek feil.

Hans Rosling har skrive boka saman med Ola Rosling og Anna Rosling Rönnlund.
Hans Rosling har skrive boka saman med Ola Rosling og Anna Rosling Rönnlund.
Publisert

Hans Rosling er optimist, men det tyder ikkje at han får rett. I desse dagar er det 100 år sidan fyrste verdskrigen var over. 18 millionar døydde som direkte fylgje av krigen, 23 millionar vart skadde og funksjonshemma. I 1914 hadde det vore fred mellom stormaktene sidan Tyskland tvinga Frankrike i kne under krigen i 1870–1871. I perioden frå den tysk-franske freden fram til fyrste verdskrigen gjekk Vesten gjennom ein vekst som dei aldri hadde opplevd før og aldri kom til å oppleva igjen. Elektrisitet, forbrenningsmotor, innlagt vatn, vaksinar: Det var ei fantastisk tid.

Så kom krigen. Nesten ti prosent av folkesetnaden i dei krigførande nasjonane i Europa vart anten drepne, såra eller døydde av sjukdom. Då krigen var over, kom spanskesjuka og tok liv i nesten alle storfamiliar. På ein gard litt framfor det huset eg skriv denne meldinga i, snikra ein far to kister til sønene som var sjuke. Då dei døydde, bar kona og han kistene opp på ein haug. Der stod kistene i to dagar; vinden bles lika «reine». Deretter kom nokre grannar og henta kistene ned til kyrkjegarden. Foreldra fekk ikkje vera med i gravferda av di folk i bygda var redde dei var smitteberarar.

Idiot i 1914

Ved starten av 1914 hadde du vorte sett på som ein idiot om du sa at no kom sjølve urkrigen, og at den kom til å verta fylgd av ein epidemi verda ikkje sett sidan pestherjingane. Hans Rosling vil ikkje vera idioten. Rosling minner meg difor om Norman Angell, som i 1909 skreiv boka The Great Illusion. Angell hevda at frihandelen gjorde verda så samanvoven at ingen nasjonar og ingen leiarar ville vera så ukloke at dei starta ein krig, sidan dei økonomiske fylgjene ville verta så store. Frihandel og teknologisk framsteg hadde vart så lenge og ført så mykje godt med seg at regimet ikkje kunne taka slutt.

Rosling er kjend for dei fleste som har sett fjernsyn. Den svenske legen og professoren i internasjonal helse var fast gjest hjå Skavlan og i Davos, FN og overalt. Han var verdas mest kjende optimist. Manuset til Factfulness vart ferdig kort tid før han døydde i fjor. I boka får du, som alltid med Rosling, vita at nesten alt går stadig betre i stadig større tempo. Redd for at det vert for mange menneske? I dag er det to milliardar born, og det vert ikkje fleire. Vi har nådd toppen. Dessutan er barnedødstalet i Egypt no lægre enn det var i Frankrike og England i 1960. Kvar kvinne i Bangladesh får berre to born. Ho treng ikkje fleire, sidan alle lever opp og velstanden og folkehelsa har vorte mange gonger høgre og betre dei siste 50 åra.

Stadig betre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement