Bok

Oppvekst på Grønland i 1970-åra

Naja Marie Aidt skriv dikt som smeltar det sosiale og individuelle saman.

Naja Marie Aidt fekk Nordisk råds litteraturpris i 2008.
Naja Marie Aidt fekk Nordisk råds litteraturpris i 2008.
Publisert

Den danske forfattaren Naja Marie Aidt, som fekk Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga Bavian i 2008, debuterte i 1991 med lyrikksamlinga Så lenge jeg er ung. For somme lesarar er Aidt kanskje best kjend for romanen ho skreiv etter sonens død, Har døden taget noget fra dig så giv det tilbage (2017).

Poesibok, som kom i 2008 og no er gjendikta til norsk av Nils-Øivind Haagensen, kan karakteriserast som ei sjølvbiografisk diktbok der ein følgjer forfattarens oppvekst på Grønland i 1960- og 1970-åra. Det er ein oppvekst som står i det kollektives teikn, med allmøte og personleg frigjering i søkjelyset, og der skilsmissa til foreldra kjem til å spele ei viktig rolle. Sjølvrealiseringstrongen til dei vaksne gjer at ungane, som må vente på den dyrebare merksemda frå dei vaksne, går meir eller mindre på sjølvstyr, dei er «en litt sær og anstrengende bagasje».

Minne

På dansk tyder tittelen Poesibok noko i retning av minnebok, altså hefte der ungane skreiv helsingar og lukkeønskingar til kvarandre på vers. På norsk hadde Minnebok kan hende vore meir dekkande attgjeving av tittelen. Bortsett frå nokre spor av den grafiske leiken i minneboka, som i overskriftene på dei to avdelingane der «lev vel» og «søt tøs» er sett opp lodd- og vassrett, er det ikkje nett minnebokformer som herskar i denne boka.

For det er ikkje berre det minneverdige som tek plass i dikta. Dikta er meir vekslande. Dei buktar seg frå prosadiktet til det lyriske diktet, stiller fram det vonde og hjarteskjerande, men listar også opp ting og fenomen som er å trakte etter, kanskje i ein desperat freistnad på å fasthalde noko fint i alt det traudige, slik som i diktet «Vintergleder».

Forvitneleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement