JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Oppvekst og nedvekst

Origo byr på godt handverk, men teksten er litt for glatt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anne-Maren Hammerbeck har ein bachelorgrad i skapande skriving frå Litterär gestaltning i Göteborg.

Foto: Anne-Julia Granberg / Blunderbuss

2961
20240126
2961
20240126

Dikt

Anne-Maren Hammerbeck:

Origo

Tiden 2023

Poesidebutanten Anne-Maren Hammerbeck skriv prosanært og forteljande i Origo. Origo kan tyde opphav, nullpunkt, men også skjeringspunkt der fleire forhold møtest og kryssar kvarandre.

Alle desse tydingane verkar dekkande for det som er på gang i debutboka til Hammerbeck, som nett dreier seg om forholdet mellom eit «ho» og ein mann og mellom «ho» som lita jente og mora, også omtalt som «orakelmor» og «den lille mora». I forholda og møtepunkta som utfaldar seg mellom ho og mannen, vert forteljinga og minna om jenta og mora aktiverte.

«Det er som om det eksistensielle dramaet ikkje grip lesaren skikkeleg, ein blir verande på overflata.»

Prosa som dikt

Å gripe konkret kva som har skjedd mellom ho og mora ein gong i fortida, er ikkje heilt enkelt, anna enn at lesaren ensar at noko ikkje har vore heilt i orden. Om ein skal våge seg på ei tolking, verkar det som problema handlar om splitting, avvising, og at ho som lita har måtta bere mykje av moras sorg.

I opptakten til, eller forlenginga av, desse relasjonane kan ein sjå alle hovudmotiva teksten langsamt utviklar, altså tilvisingane til dei mjuke, våte og harde steinane av gneis og granitt, erosjon, plommer, plommesteinane, egg, frø og skal. Desse geologiske, biologiske og botaniske bileta set i scene kampen mellom veksande og nedbrytande krefter.

Som lesar får ein ei kjensle av at teksten i Origo er prosa sett opp som dikt. Det er mykje luft mellom orda, lite tekst på kvar side, og gjentakingar og framhald på den følgjande sida, slik at bladvendinga trer verknadsfullt inn som del av tekstrytmen.

Det er heller ikkje mykje handling i teksten, ofte er gjeremåla knytte til heilt daglegdagse hendingar, slik at teksten står fram som ein type poetisk realisme, men då med eit særleg nærsynt, kjenslevart og sanseleg fokus: «En annen// dag// tar ho en plomme fra kjøleskapet, det er sein ettermiddag, nesten/ kveld, og ho folder hendene rundt// plomma.»

For stor distanse

Ser ein på handverket, er Origo godt utført, men det er som om det eksistensielle dramaet ikkje grip lesaren skikkeleg, ein blir verande på overflata, med ein litt for stor distanse til det som spelar seg ut. Kan hende er det bruken av tredjeperson («ho»), ja, det forteljande grepet i det heile, som stiller seg i vegen, teksten får liksom flyte altfor vent vidare, utan at brot, sjokk, gliper og rivner opnar seg, noko som kunne ha rykt litt i teksten og lesaren.

At det ikkje rykkjer til, kan sjølvsagt vere intensjonen attom teksten, for når det i teksten vert vist til matrjosjka-dokka, der ei ny og mindre tredokke syner seg innanfor når ein opnar ho, kan ein også tenkje at kvar nye (celle-)deling – og vekst – er uttrykk for at noko berre glepp unna. Slik taket denne teksten har i lesaren, også glepp litt.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis