Opprivande godt
Debutant Ida Fjeldbraaten får lesaren til å kjenne seg som ein mikrobølgeomn.
Ida Fjeldbraaten er romandebutant.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Roman
Ida Fjeldbraaten:
Jerv
Cappelen Damm
Vi har alle våre skavankar. Nokre har ein klump på foten, andre er ein klamp om foten. I Ida Fjeldbraatens debutroman Jerv møter vi ein ung, kvinneleg hovudperson som bur på institusjon. Ho er relativt oppegåande. Ho er i stand til å ha ein vaskejobb i den nærliggande dyrehagen. Men ho klarer ikkje riktig alt sjølv, som vi skjønar av verdsbildet hennar, måten ho omtalar omsorgspersonar og andre bebuarar på. Det er noko naivt og uprøvd over henne, avgrensa. Samstundes kjem det fram at det er gode grunnar til at ho ikkje inngår heilt uregulert i samfunnet – ho kan bite frå seg og må av og til leggast i bakken.
Jerv og menneske
Når vi møter hovudpersonen, er det ingen rundt henne, verken på institusjonen eller i dyrehagen. Ho omtalar det sosiale livet sitt som noko som plar skje, men som av ein eller annan grunn ikkje skjer i dag. Sakte, men sikkert går det opp for lesaren, og hovudpersonen, at noko må ha hendt. Menneska må ha flykta frå noko, og ho er igjen. Dyrehagen skjønar vi frå før har hatt dårleg økonomi, han forfell materielt og dyra lid, men når ho kjem dit denne dagen, er forfallet langt meir urovekkande.
Jerven blir ein parallellfigur til hovudpersonen, særleg han som blir kalla Fillefransen, som går rundt med ein klump på foten som verker, lek puss og aldri blir bra. Hovudpersonen identifiserer seg med jerven; dei kan begge bite frå seg, men har òg behov for omsorg, noko dei ikkje alltid får. Den unge kvinna kjenner seg ofte misforstått – som ei byrde for resten av verda. Det er som om dei begge i kvar sin fangenskap blir tvinga til livsmottoet: «Alt gjør egentlig vondt, men er man bare svakt borti det vonde kan man tro det er en slags kiling.»
Talande undertekst
Den vesle romanen på 128 sider rommar så mykje biting, blod og kroppsvæskar at ein kan bli reint uvel. Men dei er markørar som høyrer med i ein ikkje berre ytre apokalyptisk forteljing, men ein indre: Kva skjer når vi krakelerer innanfrå? Kva skjer når menneske og dyr begynner å oppføre seg likt fordi situasjonen krev det? Kva er det å vere sivilisert? Av alle ting vekslar synsvinkelen mellom hovudpersonen og jerven: Jerven får òg reflektere over sitt eige liv. Det er eit tankevekkande grep.
I møte med Jerv kan ein komme til å tenke på Jan Roar Leikvolls poetisk-skakande romanar. Ein kan òg tenke på ei anna apokalyptisk og såkalla grufull bok, Brannen av Tarjei Vesaas. Eg siktar særleg til scena der ein flokk sauer er blitt stengde inne i eit gjel for å døy. Men i likskap med Leikvoll og Vesaas handlar ikkje Fjeldbraatens grep berre om å setje fram kvalmande scener for effekten sin del, men om oppbygginga i romanuniverset. Kvalmen høyrer med, men mest ligg han under og murrar, han har eit oppdrag, og ein begynner å sjå etter korleis forfattaren har klart kunststykket å dosere ut uroskapande element slik at lesaren mest kjenner seg som ein mikrobølgeomn, der skrekken blir varma opp innanfrå. Og der skrekken held fram med å koke etter at omnen er skrudd av.
Det handlar først og fremst om ikkje å gi ting inn med teskei. Det inneber ikkje at stoffet er utilgjengeleg; alt blir servert gjennom eit språk som harmonerer med ein lett avgrensa hovudperson. Det viser derimot at Fjeldbraaten er særs god på undertekst, på alt som står mellom linjene. Slik sett kunne ein kanskje ha sagt at denne boka var på 200 sider, og at 72 av dei inneheldt underteksten. Då får ein jo mykje for pengane!
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fjeldbraaten er særs god på undertekst, på alt som står mellom linjene.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.