Omfangsrikt
Stein Sørensen engasjerer med brei kunnskap, men det kan bli for mykje av det gode.
Stein Sørensen er forfattar og sjukepleiar ved infeksjonsavdelinga på Oslo universitetssjukehus.
Foto: Elen Sonja Klouman
Roman
Stein Sørensen:
Brønnøya
Kolon
Scene frå min ungdom: Eg er på veg til Lillehammer med toget for å besøke mormor. Eg sit med ei rotte på skuldra, laus, det vesle reiseburet har eg på fanget. Verken konduktør eller passasjerar kommenterer det, sjølv om det må ha vore oppsiktsvekkjande. Dette er det barokke, elleville 80-talet, der alt er lov, utanom å seie ifrå.
Om vi ser bort frå Marit Nicolaysens barnebøker om Svein og rotta, vrimlar det ikkje av rotter i norske romanar. For ein tidlegare rotteeigar er det dermed stas å møte på rotta Valdemar i Stein Sørensens Brønnøya. Han får sitt eige litterære liv, og dramatiske død, og etterlèt eit inntrykk.
Ein slags krim
Ja, så er her menneske: Hovudperson Jon Holm Matsen kjem frå ein familie som har stått for lysskye finansielle operasjonar. Når det er hans tur til å overta formuen, etablerer han ei stifting som bygger skular og sjukehus i mange land, som ei etisk kvitvasking. Sentral er òg den overflodskunnskapsrike fetteren August, rotteeigaren, og far hans, finansskurken, som det nærmast står 176-671 i panna på. I tillegg kjem nokre damer som har noko på hjartet i romanen, og nokre lik.
For dette er ein slags krim. Boka opnar med at Matsen er på ei hytte på Brønnøya i Oslofjorden då realitystjerna Maria Ruge blir myrda under ein fest på nabotomta. Han høyrer nokre urovekkande lydar og plagar seg sjølv i ettertid med spørsmålet om han kunne ha forhindra drapet.
Det er opp til fleire mysterium i sving, nokre av dei blir løyste, andre må ein kanskje ned i fotnotane, eller i sluttnotata bak i boka, for å kome vidare i. Det er ingen vanleg krimstruktur å finne, men mysteria er spennande nok til at ein held på interessa i denne elles lange og omstendelege boka.
Konstruert slump
I likskap med August er romanen pepra med kunnskap, med referansar til fagfelt, forsking, tenkjarar og teoriar. Innsikta dette byr på, er fordelt på mange personar og gir inntrykk av eit sprenglærd Oslo-miljø, der alle alt på ungdomsskulen snakkar som om dei er bøker frå eit universitetsbibliotek.
Jon og August høyrer til fagfeltet medisin, og når dei har bruk for andre typar kunnskap for å tolke visse symbolske tatoveringar på eit kvinnelik, har dei ei venninne som plutseleg kjenner ein doktorgradsstudent på kunsthistorie, og som kan hjelpe: «Det er jo den stiliserte framstillingen av den norrøne ur-eika Yggdrasil på Överhogdal-teppet fra 1066, sa hun. – Jeg vurderte en stund å skrive hovedoppgave om det teppet.» Skulle du sett! (Til lesaren: Mysteriet blir ikkje røpa av denne opplysninga. Det er meir intrikat enn som så.)
Romanen er full av slike forbløffande slumpetreff som gir inntrykk av eit konstruert univers. Eller av at konstruksjonen, som sjølvsagt er ein vesentleg del av ein roman, er litt for synleg.
Psykoanalyse
Når det gjeld stil og metode går tankane til mellom andre André Bjerke, eller rettare Bernhard Borge, psevdonymet han skreiv krimromanar (som De dødes tjern) – under. Sørensen verkar òg å vere opptatt av den psykologiske, eller psykoanalytiske, tilnærminga, her gjennom August, som har Jon til «behandling» på sofaen: «Jeg er sikker på at alle de sentrale sporene finnes i hukommelsen din, det gjelder bare å lokke dem fram.»
Den eg er mest glad for blei lokka fram i denne romanen, er rotta Valdemar, kanskje fordi han ikkje heile tida lirte av seg fagkunnskap.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen er full av slumpetreff som gir inntrykk av eit konstruert univers.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.