Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om tileigning av biletkunst gjennom ord

Sverre Bjertnæs lukkast både med essay og å overkoma alkoholismen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sverre Bjertnæs: Installasjon med «Det store bildet» (2016) på Haugar kunstmuseum i 2019.

Foto: Arild Pedersen

5469
20210319
5469
20210319

Essay

Sverre Bjertnæs:

Mine bilder. Om kunst og alkoholisme

Aschehoug

Eg har sett fleire utstillingar av Sverre Bjertnæs. På ei av desse var det stabla oppå kvarandre nokre like store kvadratiske blindrammer, slik at vi ikkje kunne sjå sjølve biletflata på nokon av dei. Med unnatak av det øvste biletet. Det viste eit sjølvportrett av Bjertnæs. Teksten som følgde med, sa at desse bileta, som vi ikkje kunne sjå, og som var like blinde som rammene sine, var portrett av medlemmene i AA-gruppa Bjertnæs høyrde til i. Sjølvsagt. Medlem i ei slik gruppe er anonyme for alle andre enn kvarandre.

Denne installasjonen i ei utstilling som omfatta både bilete og skulpturar, fortalde to ting. Bjertnæs er ein dyktig kunstnar same kva sjanger han uttrykkjer seg gjennom. Det er laga altfor mange installasjonar som viser eintydig ingenting: tomme rom, kvite lerret og så bortetter. Men her hadde Bjertnæs laga ein slags Schrødinger-installasjon, med uvisse på innsida, men med visse på utsida: at Bjertnæs er alkoholikar. Den andre tingen denne installasjonen fortalde.

Men altså: Først og fremst er Bjertnæs ein særs vellukka og talentfull biletkunstnar. 44 år gamal har han hatt utstillingar sidan han var 15 år, og han får stort sett strålande kritikkar. New York Times kåra utstillinga hans i New York, rett nok saman med Bjarne Melgaard, til å vera ei av dei ti beste i byen. Prisane på bileta hans er på full fart oppover. Ikkje kjøp Bitcoin, kjøp Bjertnæs.

Alkoholisme

No har han gjeve ut ei bok som viser at han har nokså mykje talent også som forfattar. Det er ifølgje boka sjølv ei samling (24) essay, men dei heng så godt saman, som om dei var kapittel, og handlar så mykje om forfattaren sjølv, at boka heller kunne vore klassifisert som ein essayistisk kunstnarsjølvbiografi.

Kvart essaykapittel har tre tema: Dei fortel, nokså kronologisk, om Bjertnæs’ liv og læretid som kunstnar. Dinest dei to tinga boka sjølv i undertittelen annonserer at ho er om: Bjertnæs har etter kvart fylt bustaden sin med kunst av andre kunstnarar. I kvart kapittel fortel han om eitt av desse kunstverka, om korleis han har fått tak på det, kva han meiner om det, og kva det betyr for han. Men til sist, som eit stort tredje tema, fortel han om alkoholismen sin.

Når det gjeld alkoholisme, kan vi vri på eit Tolstoj-sitat: Alkoholikarar er alle like, medan kvart edru menneske er dette på ulikt vis. Difor er Bjertnæs’ skildring av eigen alkoholisme ikkje privat, men heilt allmenn, og passar for alle dei alkoholikarar eg har vore borti.

Bjertnæs sjølv undrar seg på om kunstnarar er alkoholikarar på eit særmerkt vis. Kunst skal jo vera overskridande, og uansett laga i ein slags rus, slik at alkoholen, eller andre rusmiddel, skal vera eit positivt middel. Sjå på dei absintdrikkande kunstnarane i fin de siècle-Paris. Men han finn at det er berre ein myte. Alle alkoholikarar er kjenneteikna av det filosofar sidan Aristoteles har kalla akrasia, viljesveikskap, kombinert med oppfinnsame rasjonaliseringar for å utsetja slutt på drikking.

Denne delen av boka har likevel så langt ein lukkeleg slutt: Ein dag på Blå Kors sigrar viljen, og no er det meir enn ti år sidan han vart edrueleg.

Kunstnarliv

Det mest interessante i boka er difor skildringa av korleis eige kunstnarliv har utvikla seg: Bjertnæs er eit slags vedunderbarn som vart elev av skulptør og målar Tore Bjørn Skjølsvik som 14-åring, for så som 17-åring å verta favorittelev hos Odd Nerdrum, innanfor det sekteriske og her godt skildra miljøet hans. Så vert det studiar på Statens kunstakademi under Jan Sæther, før han arbeider saman med Bjarne Melgaard. I tillegg vert han støtta av bysbarnet Håkon Bleken. Alle desse og mange andre får kapittel i boka i samband med at Bjertnæs fortel om det kunstverket av dei han har fått tak på.

Men så er det fleire ting vi overraskande ikkje finn i boka: Aller først skulle ein venta seg at ei bok om kunst skulle ha avbildingar av dei kunstverka som vert omtalte. Men nei, berre tekst. Som om Bjertnæs vil utfordra det han sjølv seier: «Malerier og ord er fundamentale motsetninger. Ordene greier aldri helt å gripa hva maleriet er.» Kunstverka vert like visuelt usynlege for oss som bileta av deltakarane i AA-gruppa hans. Vi må tenkja dei.

Men dette kan hengja saman med noko anna vi overraskande heller ikkje finn i boka. Ho heiter Mine bilder, men ingen av Bjertnæs’ eigenlaga bilete er omtalte. Så dette er bileta til andre, som Bjertnæs har lært av, både som personar og kunstnarar. Og det han seier om dei, er det han har fått med seg inn i eigne bilete. Det passar med korleis Bjertnæs’ stil har endra seg medan han har vore læresvein, frå figurative Nerdrum-«kopiar», til måling innanfor same stil som Melgaard. Ja, ein finn òg kompositoriske likskapar til Arne Ekeland.

I boka snakkar han om å mangla identitet, og om ein tomleik, som dei daglege alkoholfrie rutinane etterlèt seg. Og eit sakn etter overskriding. Men for meg har bileta hans meir enn nok identitet, inne i det postmoderne stilmangfaldet. Tilsvarande i desse essaytekstane, som vurdert som litteratur står på eigne bein og er laga med konsentrasjon og form, gjerne med poengterte avslutningar.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det mest interessante i boka er skildringa av korleis eige kunstnarliv har utvikla seg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis