Bok

Om sjølvbedrag og sjølvinnsikt

Personane til Kristin Hoffmann balar med mykje. Det blir til sist lesarens gevinst.

Kristin Merete Hoffmann er journalist og forfattar, busett i Stavanger.
Kristin Merete Hoffmann er journalist og forfattar, busett i Stavanger.
Publisert

Korleis fyller ein ut eit søknadsskjema til forsikringsselskap utan at det i seg sjølv nærmast skapar dårleg helse? Det spørsmålet melder seg i ei av dei ni novellene i Kristin Hoffmanns Der hunden ligger begravd. Eg-personen tenker og grublar, dveler komisk lenge ved enkelte spørsmål, men kanskje ikkje lenger enn vi gjer i røyndomen. Skjemaet vil vite om eg-personen røyker: «Om jeg er sannferdig, har jeg ikke sluttet. Sett fra en annen kant, og da er jeg også oppriktig, har jeg aldri ordentlig begynt.»

Tekstar som begeistrar

I likskap med fleire av dei andre novellene handlar denne teksten òg om sjølvbedrag. Andre fellesnemnarar er Hoffmanns handsaming av kva som skjer når ulike verdsbilde eller mentale tilstandar møtast. Eller opplevinga av at tinga vender seg mot deg.

Læraren Wilhelm Andersen er ikkje akkurat elska av elevane sine, men finn trøyst i ein dam han har laga i hagen. Det er berre det at dammen ikkje gjer det lett for han. Denne glimrande teksten ber i seg ein tragikomisk, nevrotisk temperatur som sender tankane til Dag Solstads Elias Rukla som ikkje får slått opp paraplyen sin i skulegarden.

Opningsnovella er ei bjørneboesk skildring av ein advokat kledd i svart kappe som likna ein «diger fugl, lutrygget og smal over skuldrene» som snakkar «kjaksende og hest», og som når som helst kunne «bre ut de sorte vingene og fly vekk». Han er ikkje heilt reinhårig, og ute på glattisen blir han bokstaveleg talt felt av si eiga juridiske innstilling.

Tittelnovella, som avsluttar samlinga, fortel om ein anonym mann som driv med lyssky aktivitetar. I staden for å stå til rette for det vel han å bli oppslukt av at han har køyrt på eit levande vesen med bilen og stukke av, og i kva grad politiet kjem til å forfølgje han for det. Novella minner om den første, med tanke på å bli innhenta av eigne handlingar og straffa på andre område eller måtar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement