Bok

Om å verta professor

Gjenopplivinga av boka En Professor. Fortælling skjer på tvilsame premissar.

Johan Vibe skreiv forteljinga om ein professor (1882).
Johan Vibe skreiv forteljinga om ein professor (1882).
Publisert

Først nokre opplysningar til litteraturelskarar som kan lesa digitale tekstar: I 1953 vart Det norske språk- og litteraturselskap stifta, av mellom andre Francis Bull og Didrik Arup Seip, med eit ønske om «å tilby både vanlige lesere og forskere pålitelige, vitenskapelige utgaver av landets skriftlige kulturarv». Selskapet har no utvikla ei framtidsorientert digital nettside, Bokselskap.no, der ein gratis kan lasta ned det meste av norsk kanon som er meir enn 70 år gamal.

Men Bokselskapet byr ikkje berre på ferdigkanoniserte klassikarar. Selskapet har tydelegvis òg ein ambisjon om «etterkanonisering», der dei hentar fram kan hende ufortent gløymde verk. Eit slikt verk er nyss vorte ferdigdigitalisert og tilgjengeleg: Ei «Fortælling» med tittelen «En Professor», av den i dag heilt ukjende forfattaren Johan Vibe (1840–1897). Utdanna jurist, men praktiserande forfattar, har han etterlate seg lystspel, forteljingar, romanar og fagbøker. Som landsmåls- og bondehatar høyrde han til på høgresida i datidas politiske kulturkampar, ein tidleg Nils Kjær, som lik han for det meste skreiv humoristisk og satirisk. Var det difor han vart gløymd av ettertidas radikale elite?

Lystspel

Men kvifor vert Vibe plutseleg no hugsa? Truleg meir av akademiske enn litterære årsaker. Dei to litteraturprofessorane som innleier og skriv om forfattaren og teksten, er lærde på den noko spesielle sjangeren «universitetsromanar», ukjend på Vibes tid, men særleg utvikla av David Lodge ut i 1980-åra. No kan dei skryta av å ha oppdaga Noregs første roman – og ein av verdas første romanar – innan sjangeren, sjølv om sjangeren altså ikkje fanst den gongen. Det gjer at sjangerkriteria berre kan brukast utanfrå. Vibe sjølv prøvde ikkje å konstruera ein «universitetsroman».

Kva var det han sjølv truleg meinte han laga? Eit klassisk lystspel, for forteljinga kunne like gjerne vore utforma som eit skodespel. Ein roman er det i alle fall ikkje, til det er karakterteikningane for flate og for mykje underordna plottet. Som vanleg for lystspel er plottet basert på forviklingar, mistydingar, oppklåring og ein forsonande lukkeleg slutt. Vibe kunne hatt ei framtid i Hollywood og i TV-bransjen som situasjonskomedieprodusent.

Dei to professorane prøvar òg å sjå forteljinga i lys av ein den gong meir samtidig sjanger: danningsromanen. Og dette er ikkje heilt på jordet, som ein kan sjå av følgande handlingsriss: Martin Aamot, son av ein hattemakar i ein småby, er litt «kvikk», men får blåst opp evnene sine av gudfaren, som meiner han bør studera. Martin gjer det bra på eksamenar og vert så styrt inn i den filologiske vitskapen, nærare bestemt språkvitskapen, som synest han å vera minst krevjande. Medstudentane trur at han er ein «alvorleg, grundig og tenksom ung mann» av di han ikkje seier så mykje. Dette får professor Lunde til å påføra Martin store akademiske forventningar, og han får han sendt til Göttingen. Derifrå får han, takk vera heldige mistydingar, med seg fleire rosande tilrådingsbrev frå kjende professorar, noko som aukar forventningane i Kristiania. Han skal verta professor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement