Bok
Notat til rommet og rørslene
Janne-Camilla Lyster freistar å lage dikt som kryssar fleire nivå, og som forankrar seg i det kroppslege.
Janne-Camilla Lyster er dansar, koreograf, forfattar og lyrikar.
Foto: Tale Hendnes
I møte med diktboka Figurer av Janne-Camilla Lyster famlar eg nok etter ein gyldig horisont for tekstane, men lèt meg fange inn av setningar som dette: «Lukter på blomstene som om jeg gjør dem en tjeneste», og tenkjer: Korleis kan ein slik positur sjå ut?
Nokre av tekstane fascinerer, det er nett som dei freistar å utløyse ei kraft or samanhengar: «potetene kobles sammen og får lampen til å lyse. lyset lokker dyret/ til seg, dyret spiser potetene. jeg famler i mørket, finner en krakk, krukke eller klokke».
Ikkje berre vert orda kopla saman, ei reell kopling vert skildra, som overfører energi til lys. Potetene blir etne av dyret, og diktet endar med famlingar i mørket, der tinga ikkje vert til gjennom visuell sansing, men gjennom rørsle, berøring og lydleg samankopling ved hjelp av bokstavrimets figur: «krakk, krukke eller klokke».
Biletleg språk
Ordet figur kjem frå latinsk figura og tyder skikkelse. Det kan bety karakter, form, måte å opptre på. Ordet vert også nytta når ein brukar språket biletleg. Så kan det også sikte til kontinuerlege rørsler eller posisjonar i dans.
Den siste betydinga er relevant både fordi poeten er dansar, og fordi boka hennar frå 2019, Koreografisk poesi, er ein ambisiøs freistnad på teoretisk å reflektere over, og tekstleg-poetisk demonstrere, det ho kallar «opne-form-partitur», at poetiske tekstar til dømes kan lesast som notar til dans. Koreografisk poesi var eit ledd i eit kunstnarisk doktorgradsarbeid ved Kunsthøgskulen i Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.